• English
  • Castellano
  • Português
  • Nyhetsbrev
  • RSS

Meny

  • Om LAG
  • Lokallag
  • Brigadene
  • Landsider
  • Temasider
  • Kalender

Navigasjon

  • Den Dominikanske Republikk
    • Argentina
    • Belize
    • Bolivia
    • Brasil
    • Chile
    • Colombia
    • Costa Rica
    • Cuba
    • Den Dominikanske Republikk
    • Ecuador
    • El Salvador
    • Engelskspråklig Karibia
    • Franskspråklig Karibia
    • Guatemala
    • Guyana
    • Haiti
    • Honduras
    • Jamaica
    • Mexico
    • Nicaragua
    • Panama
    • Paraguay
    • Peru
    • Puerto Rico
    • Surinam
    • Uruguay
    • Venezuela

Underpunkter

  • Landprofil
  • Nyheter

Den dominikanske republikk

Den dominikanske republikk var i 2009 prega av forhandlingane rundt reform av konstitusjonen. Prosessen skapte protestar frå delar av sivilt samfunn og stor debatt rundt dei sentrale utfordringane i landet og maktstrukturane knytt til desse: Abort og kvinnespørsmål; innvandring; og til slutt spørsmål knytt til rammene for det dominikanske demokratiet, eit tema som er prega av høgt politisk spel.

Ingvild Skeie Tweet Utskrift

Den dominikanske republikk har korkje lange eller sterke demokratiske tradisjonar. Etter mange år med hovudsakleg diktatur og autoritært styre, vart det etter fusk ved valet i 1994 forhandla fram ei avtale om nyval i 1996, samtidig som ei konstitusjonsendring gjorde det forbode å stille til direkte attval for den sitjande presidenten. Målet var å lage konstitusjonelle hindringar mot maktkonsentrasjon og diktatur, og noverande president Leonel Fernández frå PLD (Partido de la Liberación Dominicana, sentrum/høgre-parti) kom i 1996 for første gong til makta nettopp på bakgrunn av denne avtala.

Men det skulle vise seg at konstitusjonsendringar lett kan reverserast: Då PRD (Partido Revolucionario Dominicano, sentrum/venstre-parti) var ved makta i 2000-2004, vart konstitusjonen endra på ny, slik at sitjande president igjen kunne stille til direkte attval, noko som vakte protestar frå PLD. I 2008 stilte Fernández likevel sjølv til direkte attval, og gjekk etter sigeren inn i sin tredje presidentperiode. Men heller ikkje då var siste ord sagt. I den nye konstitusjonen er direkte attval på ny forbode, men ein tidlegare president kan veljast på ny etter ein pause, og det er ikkje noka grense for kor mange periodar ein president totalt kan sitje.

Konstitusjonspakta

Spørsmålet om direkte attval vart i praksis avgjort våren 2009 , då president Fernández og Miguel Vargas Maldonado, leiar for opposisjonspartiet PRD, inngjekk ei pakt om sju stridspunkt i den nye konstitusjonen. Dette skjedde utan mykje konsultasjon i dei to partia, og fleire kommentatorar såg det difor som ei stadfesting av at dominikansk politikk framleis er prega av sterke leiarar, heller enn sterke institusjonar.

Også i tråd med denne pakta, vil parlaments- og presidentvala bli slått saman frå og med 2016. Slik systemet er no, er landet i evig valkamp: Interne partival, så presidentval, deretter parlamentsval. Dette er kostbart og kan vere eit hinder for langsiktig tenking og handling i politikken. På den andre sida vil ei samanslåing kunne ytterlegare auke personfokuseringa i dominikansk politikk og bidra til sentralisering og maktkonsentrasjon gjennom at presidentvalet overskuggar parlamentsvalet.

”Livet er ukrenkeleg”

Dette slår den nye dominikanske konstitusjonen fast, og trass i at teksten ikkje er mykje endra samanlinka med den gamle konstitusjonen, representerer den ei innskjerping, fordi konstitusjonen no eksplisitt referer til det ufødde livet. Kvinnerørsla mobiliserte mot endringa, men klarte ikkje å vege opp for det massive presset frå spesielt den katolske kyrkja. Fleire kommentatorar fryktar at abortlovgivinga som konsekvens vil bli strengare, og at ingen unntak vil bli gjort, heller ikkje ved til dømes valdtekt, incest eller fare for mora si liv.

Sivilsamfunnsaktørar peikar også på ein del positive trekk ved den nye konstitusjonen, mellom anna at funksjonen ombudsmann (defensor del pueblo) no er tatt inn i konstitusjonen. Likevel har kritikk stått i sentrum for fleire sentrale organisasjonar i det sivile samfunnet: Den nye konstitusjonen blir av desse gruppene, samt av ulike kommentatorar i media og i forskarmiljø, rekna som konservativ og eit tilbakesteg i forhold til fleire borgarrettar, som til dømes almen tilgong til strendene i landet.

Retten til ein identitet

Ein av rettane som har vorte innskrenka, er retten til dominikansk statsborgarskap. Formuleringa i den gamle konstitusjonen bygde seg, i tråd med latinamerikansk tradisjon, på jus solis, som vil seie at den som blir fødd på dominikansk jord har rett til dominikansk statsborgarskap. Dominikanskfødde born av haitianske innvandrarar har i likevel i svært mange tilfelle vorte nekta statsborgarskap. I den nye konstitusjonen er reglane stramma inn, slik at det no eksplisitt står at born fødd av foreldre som oppheld seg illegalt i landet ikkje har rett på statsborgarskap. Fleire organisasjonar i det sivile samfunnet dreiv intens lobbyverksemd for å hindre ei slik innstramming, og peika parallelt på behovet for å regulere migrasjonsstraumen, samt finne ordningar for å regulere statusen til dei fleire hundre tusen som allereie er i landet utan identitetspapir og/eller opphaldsløyve. Mange i denne siste gruppa er fødd i Den dominikanske republikk eller har budd der i mange år, og har få eller ingen band til Haiti. Om ikkje migrasjonsspørsmålet blir tatt tak i risikerer Den dominikanske republikk å få ei stadig større gruppe av ”usynlege” innbyggjarar som lever på utsida av storsamfunnet.

På grasrota ser ein blanda tendensar i forhold til migrasjonsspørsmålet. Tal frå 2008 viser at 47 prosent av det dominikanske folket er samde i at dominikanskfødde born av haitianske innvandrarar bør få dominikansk statsborgarskap. Medan dominikanarar, haitianske innvandrarar og dominikansk-haitianarar lever fredeleg side ved side i svært mange lokalsamfunn, har det likevel sidan 2005 vore ein urovekkande tendens til større konfliktar mellom desse gruppene på grasrotnivå, med lynsjingar og drap som følgje.

Forholdet til Haiti

Den i hovudsak illegale haitianske migrasjonen er eit svært kontroversielt spørsmål i det dominikanske samfunnet. I den offentlege debatten blir det ofte argumentert med at haitianske innvandrarar legg beslag på offentlege ressursar og tek jobbar frå dominikanske borgarar. Den viktige rolla haitiansk arbeidskraft speler i dominikansk økonomi blir sjeldnare nemnt. Relasjonen til Haiti har stort sett alltid vore komplisert, og i periodar av dominikansk historie har anti-haitiansk propaganda vore institusjonalisert. FNP (Fuerza Nacional Progresista), eit dominikansk nasjonalistisk parti, framstiller haitiansk innvandring som ein trussel mot den dominikanske nasjonen og speler då på djupe strengar i den dominikanske nasjonale identiteten. I debatten kring den nye konstitusjonen var likevel FNP langt frå åleine om denne typen retorikk. Ulike aktørar gjekk mellom anna ut med forslag om å byggje ein mur langs grensa for å stoppe innvandringa frå det relativt sett mykje fattigare nabolandet.

Økonomisk krise

Den dominikanske republikk er hardt ramma av den globale økonomiske krisa. Den dominikanske økonomien er sårbar fordi inntektene til landet i stor grad er knytte til turisme, eksport av varer til USA og pengar frå dominikansk diaspora. I følgje Verdsbanken gjekk veksten i BNP ned frå 8,5 prosent i 2007, til 5,3 prosent i 2008,  medan estimata per oktober 2009 var ein vekst i BNP på 0,5 prosent i 2009. Samtidig er arbeidsløysa og undersysselsettinga høg, og i følgje UNDP lever 42 prosent av befolkninga under den nasjonale fattigdomsgrensa.

Noreg og Den dominikanske republikk

I Noreg er Den dominikanske republikk først og fremst rekna som eit attraktivt turistmål. Noreg har relativt lite handel med Den dominikanske republikken, men noko norsk bistand går til landet, spesielt retta mot tiltak for å betre situasjonen til haitianske innvandrarar og etterkommarane deira og å bidra til ei betring i forholdet mellom Haiti og Den dominikanske republikken.

Noreg har  også aksjar gjennom oljefondet i Gold Corp, som igjen har 40% av eigarskapet til ei gullgruve i Pueblo Viejo. Investeringane i Pueblo Viejo representerer den største direkte utanlandsinvesteringa i dominikansk historie.

Ingvild Skeie
Ingvild Skeie har skrivi masteroppgåve i psykologi om relasjonen mellom Haiti og Den dominikanske republikk og er programkoordinator for Haiti og Den dominikanske republikk for Kirkens Nødhjelp.
http://Latin-Amerikaboken 2010

Tweet 
 
LAG Norge
Fredensborgveien 6, 0177 Oslo, Norge
work Tlf: +47 22 98 93 22
E-post info@latin-amerikagruppene.no

Redaktør: Heidi Lundeberg • Design © Ingrid Apollon • Webpublisering fra Noop • Toppfoto Maria Gossé • Støttet av Norad og Fredskorpset