Haiti
Meir enn 230 000 menneske omkom i jordskjelvet som ramma Haiti i januar 2010. I tillegg til landets allereie store problem med fattigdom og matvarekrise får jordskjelvet alvorlige konsekvensar. Landet manglar fortsett ein strategi for å handtere framtidige naturkatastrofar.
Den 12. januar 2010 blei Haiti ramma av eit jordskjelv som innbyggjarane i landet aldri vil gløyme. Skjelvet målte 7,3 på Richters skala og vil på det humanitære og psykososiale planet, så vel som på det økonomiske og politiske, få store konsekvensar. Dette er ikkje første gongen Haiti blir ramma av naturkatastrofar.
I løpet av åra frå 2006 til 2009 var Haiti i verdssamfunnets søkelys på grunn av orkanar, matvarekrise og politisk uro. Landet har streva med å reise seg økonomisk og politisk som følgje av kolonihistorie, amerikansk okkupasjon, skiftvise diktatorar og ein nyliberalistisk økonomisk politikk på 1980-talet, som slo beina under matvareproduksjonen på Haiti. Den siste av dei brutale diktatorane frå Duvalier-familien, Jean Claude Duvalier, måtte forlate Haiti i 1986. Nokre år seinare oppnådde den første demokratisk valde presidenten i landet, Jean Bertrand Aristide, eit overveldande fleirtal i eit demokratisk val. Med 67,5 prosent av stemmene bak seg blei Aristide innsett som president 7. februar 1991. Han fekk trass dette berre sitje i åtte månadar før han blei kasta i eit militærkupp. Økonomiske sanksjonar og ein FN-intervensjon leia av USA under Bill Clinton, førde til at Aristide blei gjeninnsett i 1994. I 2004 blei han kasta på nytt, denne gongen av eksmilitære, med støtte frå den politiske opposisjonen på Haiti. Denne opposisjonen hadde motteke store summar økonomisk bistand frå den amerikanske høgresida, gjennom Det internasjonale republikanske instituttet (IRI) i USA.
Ny FN-styrke
Etter at Aristide blei pressa til å gå av i februar 2004, grensa valdsnivået på Haiti på til det kaotiske. Både gjengar av Aristide-tilhengjarar, eksmilitære og kriminelle stod bak valden. I juni 2005 blei FN-styrken, MINUSTAH, utplassert på Haiti. Den 3. september 2009 bad generalsekretær Ban Ki-moon i FN om forlenging av mandatet til FN-styrken til 15. oktober 2010.
Hovudinnsatsen til MINUSTAH har vore retta inn mot gjengmiljøa i slumområda i hovudstaden Port-au-Prince, særleg mot Cité Soleil, der president Aristide og den folkelege motstandsrørsla, Lavalas, som stod bak Aristide da han kom til makta i 1990, hadde sine sterkaste støttespelarar. Mange sivile vart drepne under dei ulike aksjonane til MINUSTAH i 2005, 2006 og 2007. Blant Lavalas-tilhengjarane råda det ved utgangen av 2009 difor ei oppfatning om at MINUSTAH særleg har gått hardt ut mot ein part, og at styrken har konsentrert seg mindre om eksmilitære opprørarar og andre kriminelle.
Dei første åra med MINUSTAH på plass gjekk omfanget av gjengaktiviteten og valdsepisodane ned. I desember 2007 kom det likevel rapportar om ny oppblussing av valden på Haiti. April 2008 var prega av store gatedemonstrasjonar mot stigande matvareprisar. Eit av resultata av denne krisa var at statsminister Jacques Edouard Alexis måtte gå av. Talet på kidnappingar gjekk noko ned, frå 55 i januar 2008, til 11 i perioden frå 1. Januar til 19. februar året etter. På den andre sida auka talet på andre kriminalsaker sterkt frå 2008 til 2009.
Matkrise og stormar
I 2008 råka fleire store orkanar Haiti, noko som forverra den allereie vanskelege økonomiske situasjonen i landet. I tillegg til å skape sosial naud, truar slike situasjonar også den skjøre politiske stabiliteten i landet. FN-styrken MINUSTAH blei trekt inn i kontroversielle situasjonar som følgje av at FN-soldatane blei utkommanderte for å slå ned på demonstrasjonane.
Jordskjelvet som ramma Haiti i januar øydela mesteparten av Port-au-Prince. Med tilbod om gratis transport, har over 400 000 haitianarar forlate hovudstaden, på veg mot rurale strøk. Talet på migrantar kan, ifølgje Haiti si regjering, kome opp i 1 million. Internasjonale hjelpeorganisasjonar har konsentrert mesteparten av arbeidet sitt i Port-au-Prince, men migrasjonen til landsbygda vil skape store utfordringar i dei områda der migrantane slår seg ned. Mangel på investeringar i jordbruket i Artibonite, eit område der mange tok vegen etter skjelvet, kompliserer situasjonen ytterlegare.
Det er ein sterk samanheng mellom jordbrukssituasjonen på Haiti og situasjonen i urbane strøk. Slumområde som Cité Soleil og Martissant i Port-au-Prince vaks seg store mot slutten av 1980-talet, då Haiti gjennomførte økonomiske reformer i regi av Det internasjonale pengefondet (IMF) og Verdsbanken. Som eit resultat av den økonomiske liberaliseringa, opna Haiti grensene for import av sterkt subsidiert ris frå USA. Den importerte risen utkonkurrerte ris produsert av haitianske småbønder. og resulterte i ein straum av rurale migrantar til hovudstaden. Folketalet i Port-au-Prince auka frå 720 000 i 1982 til heile to millionar i 1995. Dei fleste migrantane fekk ikkje arbeid og busette seg i slumområda, særleg i Cité Soleil. Det var i dette området president Aristide og Lavalas-rørsla fekk sterkast støtte.
Risproduksjonen på Haiti har aldri teke seg opp igjen etter dette. Artibonite-området, som er rekna for å vere eit av verdas best egna område for dyrking av ris, ligg no nærast brakk, og det er behov for store investeringar i drenering og vatningsanlegg for å få risproduksjonen i gang igjen. Styrking av risproduksjonen på Haiti er ein nøkkel til å få landet på beina. Dette vil betre matvaresituasjonen i landet og gjere Haiti mindre avhengig av den internasjonale marknaden med sine svingande prisar. I tillegg vil styrking av jordbruket betre livsvilkåra og skape arbeidsplassar for migrantar som dreg frå Port-au-Prince og ut til landsbygda etter jordskjelvet.
Heilt sidan tidleg på 1900-talet har haitianarar migrert til Den Dominikanske Republikk på leiting etter arbeid og inntekt. Migrasjonsstraumen tiltok sterkt i 1970- og 80-åra. Dei haitianske migrantane arbeider hovudsakleg med innhausting av kaffi, ris og kakao, samt i byggindustrien. Lønene er lave. I gjennomsnitt tener ein haitianar berre 60 prosent av det ein dominikanar får utbetalt. I tillegg er bu- og arbeidstilhøva for dei haitianske migrantane svært dårlege.
Politisk uro
Både 2008 og 2009 har vore prega av politisk uro. Etter at statsminister Jacques Edouard Alexis måtte gå av i april 2008, lanserte president Préval fleire nye statsministerkandidatar som ikkje fekk tilstrekkjeleg støtte i kongressen og senatet. Etter tre månadars stillstand i saka ratifiserte senatet i juli 2008 endeleg Prévals tredje forslag til statsministerkandidat, Michelle Pierre Louise.
Det var også senatsval på Haiti i 2009. Av 30 seter i senatet stod 11 på val, men valdeltakinga i dei to valomgangane 21. april og 21. juni var svært lav. Grunnen til dette var at det haitianske valrådet, CEP, vedtok å utestenge alle kandidatar frå Aristide sitt gamle parti, Famni Lavalas, frå senatsvalet. Mange frå Lavalas-rørsla boikotta dermed valet. Resultatet vart at president Préval sitt parti LESPWA fekk fem seter, medan seks andre parti fekk eitt sete kvar.
Jordskjelvet har gjort situasjonen vanskelegare for president Preval og den haitianske regjeringa. Mangelfull distribusjon av naudhjelpa etter jordskjelvet har ført til demonstrasjonar mot regjeringa i Port-au-Prince.
Det regionale biletet
Haiti har lengje vore fullstendig avhengig av det internasjonale samfunnet både økonomisk og tryggingspolitisk, og blir det i endå større grad etter jordskjelvet. President Rene Préval har blitt pusta tett i nakken av dei internasjonale finansinstitusjonane, av viktige bistandsgjevarar og av FN når han har stått overfor behovet for å ta strategiske avgjerder på det økonomiske og politiske planet. Valfridomen har vore avgrensa. Midt i alt dette har president Préval likevel gjort forsøk på å orientere seg meir i retning av nye former for regionalt samarbeid i Latin-Amerika. Préval deltok i 2008 på eit presidenttoppmøte i Nicaragua, i regi av ALBA (Det Bolivarianske Alternativet), med fokus på trygging av matvaresituasjonen i Latin-Amerika. ALBA bygger på visjonen om solidaritet og eit felles ønske om å skape utvikling i regionen, og omfattar så langt Bolivia, Cuba, Nicaragua, Dominica, Venezuela, Honduras, Antigua og Barbuda og San Vicente og Grenadines. Haiti er ikkje med i ALBA, men er medlem av Petrocaribe. Petrocaribe er ein avtale om energisamarbeid mellom 18 karibiske land, oppretta etter initiativ frå Venezuela i 2005. Gjennom Petrocaribe får medlemslanda kjøpe olje frå Venezuela til svært gunstige vilkår.
Gjennom ALBA-avtalen har Haiti under jordskjelvet fått assistanse frå kubanske legar, som saman med haitianske legar, utdanna på Cuba, har gjort ein livreddande innsats.
Fokus på Haiti
I 2009 var Haiti på ny gjenstand for internasjonal merksemd. Den tidlegare amerikanske presidenten, Bill Clinton, reiste saman med FNs generalsekretær Ban Ki-moon, til Haiti i mars. Eit par månadar seinare utnemnde Ban Ki–Moon Clinton til spesialutsending for FN på Haiti. FNs generalsekretær argumenterte med at Clinton ville bringe ny energi og dynamikk inn i arbeidet med å mobilisere internasjonal støtte til Haiti.
Regjeringa på Haiti bad i 2009 det internasjonale samfunnet om 946 millionar US dollar i bistand for å kunne gjennomføre det planlagde utviklingsprogrammet sitt for landet. Under eit donormøte for Haiti i april 2009 forplikta dei største gjevarane og dei internasjonale finansinstitusjonane seg berre til ein sum på 324 millionar USD. Samanlikningsvis støtta Venezuela åleine Haiti med 197 millionar dollar i 2008, gjennom Petrocaribe-avtalen.
Tidlegare har Noreg støtta Haiti med bistand gjennom FN-systemet og gjennom norske organisasjonar og forskingsinstitutt (Kirkens Nødhjelp, FAFO og Institutt for fredsforsking (PRIO)). Ein del bistand har også blitt kanalisert gjennom den brasilianske organisasjonen, Viva Rio, som har prosjekt i slumområda i Port-au-Prince. Med jordskjelvet kom fleire nye norske organisasjonar inn i hjelpearbeidet på Haiti, mellom andre Norges Røde Kors, Flyktninghjelpen og Redd Barna.
Wenche Hauge
Artikkelen er hentet fra Latin-Amerikaboken 2010. Wenche Hauge er seniorforskar ved Institutt for fredsforsking i Oslo (PRIO). Ho har gjort fleire studiar av væpna konfliktar, fredsprosessar og fredsbygging, og har fokusert på land i Latin-Amerika, særleg på Haiti og Guatemala.
