• English
  • Castellano
  • Português
  • Nyhetsbrev
  • RSS

Meny

  • Om LAG
  • Lokallag
  • Brigadene
  • Landsider
  • Temasider
  • Kalender

Navigasjon

  • Uruguay
    • Argentina
    • Belize
    • Bolivia
    • Brasil
    • Chile
    • Colombia
    • Costa Rica
    • Cuba
    • Den Dominikanske Republikk
    • Ecuador
    • El Salvador
    • Engelskspråklig Karibia
    • Franskspråklig Karibia
    • Guatemala
    • Guyana
    • Haiti
    • Honduras
    • Jamaica
    • Mexico
    • Nicaragua
    • Panama
    • Paraguay
    • Peru
    • Puerto Rico
    • Surinam
    • Uruguay
    • Venezuela

Underpunkter

  • Landprofil
  • Nyheter

Uruguay

Då Tabaré Vázquez og Frente Amplio (FA)” Den breie fronten”, vann presidentvalet i Uruguay i oktober 2004, var det med klare lovnader om å gjera noko drastisk med dei aukande sosiale skilnadene i landet. Mykje er gjort, men framleis står oppgåvene i kø.

Latin-Amerikaboken 2010 - Johannes Nymark Tweet Utskrift

Opinionsmålingar syner at over 60 prosent av folket i Uruguay meiner FA har gjort ein god jobb desse fem åra ved regjeringsroret. Dei internasjonale økonomiske konjunkturane var på partiet si side, inntil den internasjonale finanskrisa sette inn for fullt i 2008, noko som gjorde at så vel arbeidarrørsla som næringslivsleiarane var nøgde.

Økonomisk oppgang

Før valet i 2004 rasla det internasjonale finansvesenet med sablane og truga med investeringstørke i Uruguay dersom FA vann valet. President Tabaré Vázquez klarte likevel å vinna tillit hos både nasjonale og utanlandske investorar, mykje på grunn av den liberalt innstilte finansministeren Danilo Astori. Medan det på 1990-talet blei registrert direkte utanlandske investeringar for i gjennomsnitt 135 millionar US dollar årleg, hadde dei utanlandske investeringane stige tilgjennomsnittleg  1 400 millionar dollar åra 2005-2007, og 2 205 millionar dollar i 2008 i følgje økonomen Alberto Couriel, som og er senator for FA.

I industrien var det i perioden 2004-2008 ein produksjonsauke på 54 prosent, noko som verka positivt inn på situasjonen for arbeidarane og gjorde sitt til å få ned talet på arbeidslause. Også innan landbruket kunne ein registrera ein klar produksjonsauke, og her var innføring av ny teknologi sterkt medverkande. Slik fekk ein gjort noko med eitt av dei alvorlege strukturelle problema i landbruket, nemleg gammaldagse og utdaterte produksjonsmidlar. Tenesteytande sektor har i FA sin regjeringsperiode utmerka seg med full sysselsetting.

Minstelønene i Uruguay har gått monaleg opp med rundt rekna 63 prosent, noko som har ført til at den reelle kjøpekrafta til dei lågast lønte har auka med 32 prosent i perioden. FA har innført ei nasjonal helseforsikring som sikrar alle lege- og tannlegebehandling. Lønsarbeidarar får litt frådrag i løna for å dekkja eit utvida helsetilbod for seg og familien. Gjennom den såkalla Ceibal-planen har alle skoleelevar fått gratis datamaskin, og ordninga er no utvida til også å gjelda for lærarane, mot at dei betaler 30 prosent av prisen.

Betre sosiale tilhøve

Då Frente Amplio tok sete i regjeringskontora, råka fattigdommen 31,9 prosent av folket. Kampen mot fattigdommen var difor prioritet nummer ein for fronten, og det blei sett i gang ulike politiske tiltak, mellom anna ein kriseplan for å betra situasjonen for denne tredjedelen. I regjeringsperioden har talet på fattige blitt redusert til 20,5 prosent, og talet på dei aller fattigaste, dei som lid naud, har gått ned frå 3,9  til 1,5 prosent.

Arbeidarrørsla har hatt gode år under FA, framleis i følje Couriel, og den offisielle arbeidsløysa var i juli 2009 nede i 6,9 prosent, frå 13,1 prosent i 2002, då verknadene etter den argentinske krisa året før var til å ta og føla på. Det blei skapt 180 000 nye arbeidsplassar, 150 000 av desse i nye verksemder. Mellom desember 2004 og mai 2009 auka reallønene 24,9 prosent meir enn inflasjonen. Reallønsauken var særleg sterk i offentleg sektor med eit snitt på 32 prosent, og her utmerka helsepersonell, politi og lærarar seg med ei forbetring i dei reelle lønene på rundt 50 prosent.

I Uruguay, som for hundre år sidan utvikla ein av dei aller første velferdsstatane i verda, hevdar ein i dag å ha statistikk tilmed for dei som arbeider i uformell sektor. Prosentdelen av arbeidarar i uformell sektor gjekk i Tabaré Vázquez sin regjeringsperiode frå 41,9 prosent i 2004 til 33,3 prosent i 2008 i følgje Alberto Couriel. Dei som registrerer seg og såleis legaliserer arbeidssituasjonen sin, får rett til behandling i det statlege helsevesenet for seg og born under 18 år.

Det er blitt innført såkalla lønsråd, som mellom anna har til oppgåve å regulera løn, ferie, fritid og arbeidstilhøve for landarbeidarar og tenestefolk. Alt dette har gått føre seg innanfor eit rammeverk med kollektive avtaler. Arbeidsgivarane sette seg sterkt imot denne praksisen, men gjekk til slutt med på å føra tingingar gjennom lønsråda. Fagforeiningsaktiviteten gjekk framover, og talet på fagorganiserte gjekk frå 130 000 i 2004 til 320 000 i 2009.

Prioritering av kvinnekampen

FA-regjeringa har også gjort mykje, både strukturelt og institusjonelt, for å betra kvinnene sine kår i samfunnet. Det er blitt oppretta eit statleg Nasjonalt kvinneinstitutt, som har til oppgåve å koordinera og ta initiativ til tiltak mot kvinnediskriminering. Instituttet arbeider spesielt innan dei tre statsmaktene – lovgivande, utøvande og dømmande makt – og det organiserte sivile samfunnet.

Likeins er det vedtatt ein Nasjonal plan for like rettar og muligheiter. I Tabaré Vázquez sin regjeringsperiode fekk ein 33 nye lover mot ulike former for familievald, seksuelt misbruk, seksuell trakassering, og det er tatt initiativ for å førebyggja brystkreft. Det er innført visse tiltak med det for auge å betra kvinner sine sosiale og juridiske kår: ansvar for å oppdra born blir pensjonsgivande, far får høve til å vera til stades ved fødselen og har rett til farspermisjon, ein har fått rett til prevensjon og prevensjonsopplæring, og sambuarar er blitt likestilte med gifte.

Det har komme helselover som skal sikra førebygging og behandling av kjønnssjukdommar, men abort er framleis forbode, sjølv om FA har som eitt av sine prioriterte mål å legalisera ein slik praksis. Kvinner si politiske deltaking er blitt betre dei seinaste åra, men FA erkjenner at det framleis er ein lang veg å gå før ein har ei tilfredsstillande jamvekt mellom kjønna på dette området.  

Miljøkonflikt med Argentina

Bygginga av cellulosefabrikkar i Uruguay like ved La Plata-floden har i heile den siste presidentperioden forsura klimaet mellom Uruguay og Argentina. Det finske selskapet Botnia starta opp produksjon i Fray Bentos i Uruguay, noko som førte til kraftige protestar og store massemobiliseringar i argentinske Gualegaychú. Argentinarane hevdar at produksjonen forureinar og øydelegg livsgrunnlaget for folk som bur ved La Plata-floden, noko både Botnia og styresmaktene i Uruguay tar avstand frå. Verdsbanken, som i 2006 gav Botnia eit lån på 170 millionar dollar og ein kredittgaranti på 350 millionar dollar for å byggja cellulosefabrikken, har hevda at fabrikken ”vil by på monalege økonomiske fordelar og ikkje skada miljøet”.  

Regjeringane i både Uruguay og Argentina har engasjert seg sterkt i saka, som no er oppe til behandling i Den internasjonale domstolen i Haag. Kravet frå både den argentinske staten og miljøaktivistane i Gualeguaychú er at produksjonen må flyttast til ein annan stad, der den ikkje skadar naturen og miljøet i den grad dei meiner den gjer i Fray Bentos. Argentinske styresmakter har overfor Haag-domstolen hevda dei har prov på at den vedvarande forureininga ”utgjer ein alvorleg fare for økosystemet i Uruguay-elva og kringliggjande område”. Cellulosefabrikken produserer ein million tonn cellulose i året.

Det som alt no er eit faktum, er at denne økologiske konflikten mellom Uruguay og Argentina er eitt av fleire hinder på vegen mot større integrasjon i frihandelsområdet Mercosur. Partane står særs langt frå kvarandre, og eit døme på det fekk ein då Uruguay i Haag-tribunalet hevda at fabrikken i Fray Bentos ikkje forureinar i det heile tatt. Dei uruguayanske styresmaktene har gått til harde verbale åtak på Argentina og skuldar landet for å ha sett gjennom fingrane med at kommunikasjonsvegane mellom dei to landa er blitt hindra i det området det her er snakk om, noko dei hevdar har ført til milliardtap målt i dollar for Uruguay. Spesialistar i miljøvern som Uruguay si regjering har rådført seg med, hevdar likeins at forureininga av Uruguay-elva kjem frå kjemiske produkt som blir nytta i landbruket på argentinsk side.

Etter at dei to landa la fram sine synspunkt i den siste halvdelen av 2009 vil det gå månader ut i 2010 før Haag-domstolen kjem med sin dom.

Ikkje oppgjer med militærdiktaturet?

19. juni, fødselsdagen til frigjeringshelten José Artigas, er gjort til Aldri meir!-dagen i Uruguay. I 2009 gjekk det den dagen 90 000 personar i tog gjennom sentrumsgatene i Montevideo for å krevja svar på kva som skjedde med dei rundt 250 som forsvann under diktaturet. Marsjen er kjent som den stille marsjen, der ein på plakatar til dømes kan lesa ”Kor er dei?”, ”Sanninga er framleis ikkje kommen fram” og ”Aldri meir statsterrorisme og diktatur!”. 

Rettsoppgjeret med militærdiktaturet har vore eitt av dei vanskelegaste spørsmåla å handskast med for Tabaré Vázquez i den førre valperioden. Dei tradisjonelle partia, Colorado-partiet og Det nasjonale partiet, har gått imot eit rettsoppgjer og støttar den såkalla Ley de Caducidad, ei lov frå 1986 som fritar dei militære for brotsverka dei stod bak i diktaturtida (1973-1985). Frå somme grupper på venstresida er Frente Amplio blitt kritisert for ikkje å oppheva den nemnde lova. Etter at over 300 000 bad om at lova måtte annullerast, tok FA spørsmålet opp i Kongressen, som i februar 2009 vedtok å leggja spørsmålet ut til folkerøysting samstundes med presidentvalet 25. oktober same år. Til stor overrasking for mange blei det ved folkerøystinga fleirtal mot å oppheva lova. Mange politiske kommentatorar meinte grunnen til dette var frykt i folket for korleis dei væpna styrkane ville reagera på at fleire av forgjengarane til dei noverande militære leiarane kunne bli dømde for alvorlege brot på menneskerettane.

 

Det bør likevel føyast til at diktatoren for dei fire siste åra i det seinaste militærregimet, Gregorio Álvarez, berre tre dagar før valet og folkerøystinga i oktober 2009 blei dømt til 25 års fengsel for mord under særs skjerpande omstende på 37 personar på venstresida i uruguayansk politikk.

 

Tidlegare geriljaleiar som president

Politiske observatørar er nokså samstemte om å rosa Uruguay for måten landet har utvikla sitt politiske system på. I dag står landet fram som meir robust på dette området enn dei fleste andre landa i Latin-Amerika. Dette syner seg mellom anna i det faktum at det ikkje var altfor problematisk for ein tidlegare geriljaleiar, José Mujica, å bli valt til presidentkandidat for Frente Amplio i 2009.

 

Den nå 74 år gamle Mujica var på 1970- og starten av 1980-talet politisk fange i 15 år under ekstreme forhold. Etter at demokratiet blei innført i 1985 var han parlamentsmedlem, senator og landbruksminister. José Mujica er ein populær og karismatisk politisk leiar på venstresida, spesielt fordi han snakkar enkelt og ”rett frå levra”. Valkampanjen til Mujica var i første rekkje basert på sosialpolitikk og utdanningspolitikk til det beste for dei fattige. Han la likeins vekt på å roa engstelege næringslivsleiarar og investorar, mellom anna ved å utnemna til visepresidentkandidat den tidlegare finansministeren, Danilo Astori, som står trygt planta på høgresida i Frente Amplio. ”Eg kjem ikkje til å ekspropriera som Hugo Chávez i Venezuela, modellen for meg er Lula”, sa José Mujica om att og om att.

 

I første valomgang i oktober 2009 fekk Mujica 47,5 prosent av stemmene. Andre valomgang blei eit oppgjer mellom Mujica og Luis Alberto Lacalle, som var president i perioden 1990-1995 og som fekk 28,5 prosent av røystene i første valomgang. Lacalle blei rekna for å vera representant for ein klart nyliberalistisk økonomisk politikk, noko som gjorde at han støytte frå seg viktige delar av middelklassen. I andre valomgang vann Pepe Mujica med 53 prosent av røystene mot 43 prosent for Lacalle.

Latin-Amerikaboken 2010 - Johannes Nymark
Johannes Nymark er førsteamanuensis i spansk ved NHH i Bergen, og har lang fartstid frå solidaritetsarbeid. Nymark er forfattar av læreboka ”Historia de España y de Hispanoamérica” og av Argentina-boka ”Frå Evita til Cristina”.
http://www.latin-amerikagruppene.no/noop/page.php?p=Artikler/11959.html&d=1

Tweet 
 
LAG Norge
Fredensborgveien 6, 0177 Oslo, Norge
work Tlf: +47 22 98 93 22
E-post info@latin-amerikagruppene.no

Redaktør: Heidi Lundeberg • Design © Ingrid Apollon • Webpublisering fra Noop • Toppfoto Maria Gossé • Støttet av Norad og Fredskorpset