Eitt år sidan kuppet i Honduras

28. juni var det ett år siden militærkuppet i Honduras. Les Ivar Jørdre fra LAG Bergen sitt innlegg i Bergensavisen.

28. juni er det eitt år sidan militærkuppet i Honduras. Landet sin demokratisk valde president Manuel Zelaya vart tidleg denne morgonen henta i sin heim, drege avgarde i berre pysjamasen, sendt på eit fly ut av landet til Costa Rica. Kuppet var eit faktum og ein de-factoregjering leia av Roberto Micheletti vart sett inn. I vekene etter kuppet stramma den gamle makteliten verkeleg grepet om media. Mange honduranarar var i byrjinga ikkje klar over at omverda og samtlege latin-amerikanske land hadde fordømt kuppet. I likheit med tidlegare militærkupp frå høgresida i Latin-Amerika er mesteparten av media i Honduras medløparar til kuppmakarane. Dermed ingen rapportering frå utanriksredaksjonane før alternativ nyhende kom ut.

Eit sterkt omstritt val utan opposisjonskandidatar vart halde 29. november, der oligarken Porfirio Lobo vann. Og no er USA, EU, Pengefondet og Verdsbanken attende. Eit val som ikkje er anarkjend av dei fleste land i Latin-Amerika. Det som hendte i Honduras, meiner latin-amerikakjennarar, kan vera eit varsel om viljen USA har til å "rulle attende" dei endringsprosessane som pågår i mange land i verdsdelen.

General Romeo Vásquez Velásquez, som organiserte operasjonen der president Manuel Zelaya vart kidnappa i sin heim og sendt ut av landet har eit lite fint rulleblad. Han var på 90-talet med i ein internasjonal biltjueribande som stal luksusbilar og vart arrestert for det. Generalen studerte også ved den berykta School of the Americas, ein skule der militære vart undervist m.a. i torturmetodar og der dei utdanna folk som seinare vart kjende kuppmakarar og diktatorar i Latin-Amerika.

Drap og utreinskningar av menneskerettsaktivistar og fagorganiserte er vanleg. I fjor vart 12 fagrørslefolk drepne. To profilerte tilitsvalde i organisasjonen Unificazion democratica som m.a. har støtta president Zelaya, vart drept truleg av folk tilknyta militæret. Likevel stoppa protestane på ingen måte opp og demonstrajonar med vegblokadar vart stadig organisert i tida etter kuppet. Forfølgingane held fram også etter at Lobo vart innsett i januar i år. I byrjinga av februar vart fagrørsleleiaren og småbarnsmora Vanessa Yamileth Zepeda, 29 år, funnen skoten og drepen i hovudstaden Tegucigalpa. Ho var helsearbeidar og aktiv i kampen mot kuppregimet. Paramilitær- og dødsskvadronaktige metodar er brukt til bestialske drap slik dei gjorde det attende på 1980-talet.

10. juni vart ein annan aktiv motstandar av kuppet, Oscar Molina, skoten og drepen med 42 skot midt på dagen. Han var slektning til visepresidenten i STIBYS, fagrørsla for arbeidarane i leskedrikkindustrien. Kort tid før drapet på Molina vart ein av leiarane i lærarorganisasjonen COPEMH, Carolina Pineda, skoten på mens ho kjøyrde bil. Organisasjonen hennar er blant dei sterkaste kritikarane av kuppet og styret til Lobo.

ITUC (Internasjonal Trade Union Confederation), den internasjonale faglege samorganisasjonen, har sendt brev til Lobo med krav om at drap på leiande fagrørslefolk skal etterforskast og forfølgingane stansast.

Media er også utsett. Fram til no i år er 9 journalistar drepne.

Organisasjonen av amerikanske statar (OAS) har vore i Honduras nyleg for å undersøke situsjonen og utrykte sterk uro over manglande etterforsknig av drapa i landet. Honduras er framleis ekskludert som medlem av OAS, og den demokratisk valde president Manuel Zelaya er i eksil i Den dominikanske republikk.

Alt dette bør fortelje verda at alt absolutt ikkje er ved det gode i Honduras. Difor må eittårsdagen for kuppet 28. juni markerast med søkeljos på situasjonen i landet, og vera ein vekkar for alle som kjempar for at endringsprosessane i Latin-Amerika skal halde fram. Og eit kraftigt NEI til imperialisme og innblanding frå "storebror" i nord!

 Ivar Jørdre, styremedlem i Latin-Amerika Gruppa i Bergen
Land