Å vere sør-sørbrigadist: "Mine politiske analyser er ikkje lenger nasjonale, dei er internasjonale".

Sør-sørutvekslinga er ein del av LAG sitt brigadeprosjekt med utvekslingar mellom Brasil, Colombia og Guatemala. Dette året bur og jobbar to brigadistar frå Colombia og to brigadistar frå Brasil hjå bondeorganisasjonane CUC og Conavigua i Guatemala. I dette intervjuet kan du bli betre kjent med Esmeraldo Días da Silva.

Esmeraldo kjem frå organisasjonen MST i Brasil og han skal til saman bu ti månedar i Guatemala. Her fortel MST-aktivisten om korleis det er å vere MSTar på utlån til Conavigua og CUC.

Er det nokon erfaringar frå sør sør-brigaden som du ønskjer å dele? -Sør sør-utvekslinga er ein unik moglegheit til å utveksleg erfaringar mellom ulike organisasjonar. No som me er her i Guatemala ser me at kampen ikkje er så ulike den kampen me fører heime. Tilgangen til jord, kontroll over naturresurssar og brot på menneskerettane er både ei utfordring her i Guatemala og heime i Brasil. Staten blir styrt av og jobbar for ein elite som hindrar oss i å få tilgang til det me har rett på. Utvekslinga er veldig nyttig fordi me lærer mykje som enkeltpersonar og også mykje om andre måtar å organisere seg på gjennom møta med andre organisasjonar.

Er det noko som har gjort særleg inntrykk her i Guatemala? -Det som har gjort mest inntrykk på meg medan eg har vore her i Guatemala er marsjen for vassrettar. Eg hadde aldri vore med på noko slikt før, så mange folk som gjekk saman over fleire dagar. For meg var det utruleg interssant å vere med på dette. Under marsjen vart det klart for meg at tilgang på vatn ikkje berre er eit problem i Brasil, men at dette er noko som ein ser i heile Latin-Amerika.

Korleis kan du bruke det du har lært på brigade når du kjem heim? -Brigaden har styrka meg personleg og arbeidet eg kan gjere for MST når eg kjem heim til Brasil. I tillegg styrkar brigaden banda mellom organisasjonane her i Guatemala og heime i Brasil. For MST er desse banda veldig viktige. Eg har fått eit nytt perspektiv på verda. Mine politiske analyser er ikkje lenger nasjonale, dei er internasjonale.

Jørdi Losnegård