Jord- og kvinnekamp i Brasil

Foto: "I det ei kvinne går framover, er det ingen mann som går bakover." (foto: MST)

Foto: "I det ei kvinne går framover, er det ingen mann som går bakover." (foto: MST)

Movimento dos trabalhadores rurais sem terra (MST), dei jordlause si rørsle, brukar kvinneaksjonar aktivt i kampen for jorda, og for å skape eit meir likestilt samfunn.

Artikkelen har tidlegare stått på trykk i Mål og Makt #3 2016

MST driv ei aktiv jordreform. Dei okkuperar jord som i følgje grunnlova ikkje oppfyller sin sosiale funksjon. Det vil seie jord som ikkje tener folket, blant anna jord som ligg brakk, eller der det som blir dyrka er skadelig for miljøet og/eller samfunnet.

– Mannen er alltid i front, men kvinna har også vore tilstede. Ho er på åkeren, ho passar borna og huset, ho tar oppvasken og klesvasken. Vi kvinner er også ein del av kampen for jord, og skal ikkje stå igjen å brenne magen på ilden. Vi gjer kvinneaksjonar for å vise at vi også er kapable, seier Claudia Soares. Ho er tidlegare koordinator i jordokkupasjonenEdite Xavier, som er okkupert av kvinner i MST. Saman med Mariza Silva Batista, koordinator i MST-busettinga Paulo Freire, har ho vore med å arrangere fleire kvinneaksjonar. I tillegg til dette har dei møter og kampanjar for å sette lys på og drive opplysningsarbeid rundt helse for kvinner, seksualitet, vald og overgrep.


Vald


Vald og seksuelle overgrep mot kvinner er svært utbredt i det brasilianske samfunnet. I følgje statistikkar frå UN Women Brazil, vart det i 2012 registrert over 50.000 overgrep i Brasil. Likevel er det store mørketall: Dei fleste overgrep og valdssituasjonar skjer i familierelasjonar og er vanskelege å avdekke. I Brasil, som i mange andre land i verda, står framleis det patriarkalske samfunnet sterkt. Media spelar ei stor rolle i å oppretthalde kvinna som objekt. I valdtektsaker blir ofte rolla til kvinna satt i fokus: “Kva hadde ho på seg?”, “hadde ho drukke?”, “kvar var ho hen?” er ofte vinklinga i sakene.

I MST har dei mange metodar for å kjempe i mot valden mot kvinner, og har hatt fleire skuleringar om feminisme innad i rørsla.

– Vi byrja først med å ha samlingar for kvinner slik at dei skulle lære seg å handtere valdssituasjonar, men vi skjønte fort at det var enda viktigare å vende seg mot mennene. No har vi mange haldningskapande møter og samlingar med mennene i rørsla, seier Claudia. – I tillegg jobbar vi stadig med å forbetre seksualundervisninga som vi tilbyr på skulane våre.


Claudia Soares er tidlegare koordinator i kvinneokkupasjonen Edite Xavier. (Foto: Maria Birkeland Olerud)

Aksjonerar på kvinnedagen


Kvart år i samband med kvinnedagen mobiliserer MST til kvinneaksjonar over heile landet. I aksjonane snur dei aktivt kjønnsrollene, der kvinna står for hovudarbeidet, medan mennene står for matlaging og barnepass.

– Alt arbeidet blir gjort av kvinner, både møter, planlegging og gjennomføring. Vi gjer dette for å bryte med mannsjåvinismen som er veldig stor, ikkje berre i Brasil, men i heile Latin-Amerika. Kvinna er også med i kampen, sjølv om dette ofte ikkje er like synleg. Derfor er det viktig at kvinnene er protagonistar i denne typen kamp og aksjonar, seier Mariza Silva Batista.

På kvinnedagen i år gjennomførte MST fleire aksjonar. I delstaten Minas Gerais okkuperte dei fleire av lokala til gruveselskapet Samarco, eigd av gruveselskapa Vale og BHP Billiton. Samarco er eigar av demningane som sprakk i fjor haust, og forårsaka ei gjørmeflodbølgje som begravde fleire landsbyar og forureina drikkevatnet til ein kvart million menneske. Ulukka blir omtala som den verste miljøulukka i Brasil si historie.  

I delstaten Maranhão, blokkerte dei ei jernbane eigd av gruveselskapet Vale, som fraktar jernmalm ut til kysten. Jernbana er svært omstridt, der den pløyar seg gjennom landskapet, delar landsbyar i to, og tvingar menneske til å krysse den sterkt trafikkerte jernbana for å kome seg til jobb eller på skule.

Mariza Silva Batisa er koordinator i busettinga Paolo Freire, og har deltatt i mange kvinneaksjonar. (Foto: Maria Birkeland Olerud)

Edite Xavier


Ein viktig del av MST sine kvinneaksjonar er okkupasjonar der kvinnene står i front. Det var i delstaten Bahia MST først byrja med kvinneokkupasjonar. Okkupasjonen Edite Xavier var den andre okkupasjonen av den slag MST gjorde. Jorda var tidlegare eigd av eukalyptusselskapet Suzano, som produserar cellulose for å lage papir. Eit område der jorda tidlegare har vore til å lage råvarer, der både varene og profitten har gått ut av landet eller til elitane, har no gått til å bli eit samfunn der familiar dyrkar jorda kollektivt, der maten går til folket som bur der.

I dag bur det 370 familiar i Edite Xavier, men kampen for å komme hit dei er i dag har vore hard.

– Okkupasjonen var svært vanskelig for vi visste ikkje kvar vi skulle få tak i vatn og heller ikkje straum. Likevel arrangerte vi festar, der vi var mange kvinner samla i lag. Men sett bort i frå desse augneblinka kutta vi eukalyptus med sinne, dette fordi vi meiner eukalyptusen gjer slutt på jorda vår her i Brasil, seier Claudia som var med på å okkupere jorda.

– I dag er Edite vakker og strukturert, der er ein skule og eit helsesenter. Alt dette har kome ut av kvinnemobiliseringa, seier Claudia.


Ingen sosialisme, utan feminisme


“Sem feminismo, não há socialismo” ropast det frå ei folkemengde av knytta nevar, over raudkledde kroppar. I MST brukar ein kvinneaksjonane aktivt i kampen for jorda, for å vise nødvendigheita av å ha kvinner sterkt representert i kampen.

I kvinnekampen her har vi vunne 30 000 hektar jord og gitt alt til jordreforma. Vårt generelle hovudmål er distribuering av jord, men det er viktig å ha likestilling mellom kjønna i kampen. For kampen er for menneske, ikkje for menn og kvinner, seier Mariza Silva Batista.


​MST - dei jordlause si rørsle

MST driv ei aktiv jordreform. Dei okkuperar jord som i følgje grunnlova ikkje oppfyller sin sosiale funksjon. Det vil seie jord som ikkje tener folket, blant anna jord som ligg brakk, eller der det som blir dyrka er skadelig for miljøet og/eller samfunnet.

Vilde Gjerde Lied
Aktivist i Latin-Amerikagruppene i Norge og solidaritetsbrigadist til Brasil hausten 2015.
Land