LAG om Venezuela på NRK Urix

Foto: David Watson

Foto: David Watson

I ettertid av innslaget om Venezuela på NRK Urix har LAG fått fleire spørsmål om LAGs standpunkt. Her er ei utgreiing av det som vi gjerne skulle ha sagt på Urix, men ikkje fekk tid til.

LAG ønsker å bidra til å nyansere debatten om Venezuela, ein debatt som ofte blir einsidig i dei store mediene. Derfor vil vi takke NRK for å ha fått mogelegheit til å vere med på Urix tysdag 25. april. Dessverre gjer lite taletid at det blir vanskeleg å formidle eit heilheitleg bilde av ein kompleks situasjon, og arbeidsutvalet i LAG ønskar derfor å utdjupe Urix-innslaget.

I sendinga seier dagleg leiar i LAG, Marianne Gulli, at det er to partar i ein konflikt. Med dette meiner vi at dialog  mellom partane i konflikten er essensielt for å kunne komme fram til ei løysning og komme seg ut av krisa. Press på at regjeringa skal gå av vil ikkje løyse verken den økonomiske krisa eller mat- eller medisinmangelen i landet. Ein kan heller ikkje oversjå at opposisjonen også har ansvar for den økonomiske krisa i landet. Ein rik elite i landet har brukt kontroll over økonomien som pressmiddel eller i mange tilfelle direkte sabotasje av demokratisk vedtatt politikk.

Situasjonen i Venezuela er kompleks, og eit mediebilde som utelukkande portretterar ei side i ei politisk konflikt gjer det ikkje lettare å orientere seg. Å opne for debatt på Urix var eit første steg, men mange spørsmål står igjen utan svar etter sendinga: Kva meinast med at Maduro blei kalla diktator, då han vann presidentvalet i 2013, eit val godkjent av internasjonale valobservatørar? Kva opposisjonelle som har blitt fengsla er det referert til, og kvifor har dei blitt fengsla? Kvifor er alle intervjua av opposisjonen på høgresida, og ingen av støttespelarar til regjeringa eller kritikarar på venstresida? Kvifor nemnast ikkje USAs rolle i krisa i Venezuela? God informasjon om og mediedekning av Venezuela er heilt avhengig av konkret informasjon samt ei bredde i kjeldematerialet.

LAG er ein partipolitisk uavhengig organisasjon. Vi verken tilhøyrer eller støttar spesifikke parti eller kandidatar i Norge eller i Latin-Amerika. Vi er også kritiske til den sittande regjeringa i Venezuela. Blant anna den voksande korrupsjonen, den vedvarande oljeavhengigheita og at Venezuela framleis er netto-importør av mat. Oljeavhengigheita blei bygd opp av den rike eliten i løpet av 100 år og er ikkje eit nytt fenomen i Venezuela, men «chavismen» har ikkje lykkast med å snu denne trenda. Matkrisa i Venezuela forklarast ikkje alene av, men heng saman med at Venezuela framleis er avhengig av å importere mat. Dette kunne ha vore forebygga ved å langsiktig bygge opp eigen matproduksjon som kunne brødfø eigen befolkning.

Partipolitisk uavhengig betyr derimot ikkje at vi ikkje har politiske standpunkt. LAG jobbar blant anna for å støtte opp om «de latinamerikanske folkenes kamp for økonomisk, sosial, politisk og kulturell frigjøring» og «for lokale og globale alternativer til nyliberalisme i Latin-Amerika». Vi er positive til prosessar som sørger for sosial omfordeling og utviding av demokratiet, noko Venezuela har vore eit føregangsland på etter at Chavez blei president i 1999. Venezuela har hatt omfattande reformar innan helse, utdanning, bustad og pensjon som har kome det breie laget av befolkninga til gode, i tilegg til å innføre ei langt meir demokratisk grunnlov. Vi er vidare negative til alle former for innskrenking av demokratiet, uavhengig av kven som sitt med makta. I politisk plattform står det tydeleg at LAG støttar demokratiseringsprosessar som bygger på respekt for folkeleg sjølvbestemming, kollektive og individuelle rettar. Demokratiet må utvidast, ikkje innskrenkast. 

Land