Dødeleg opprør i Nicaragua

Tekst av Kai Viljar Eidsvik, student i León, Nicaragua og aktivist i Latin-Amerikagruppene i Norge og Silje Hvilsom Kvanvik, solidaritetsbrigadist til Nicaragua i 2013 og aktivist i Latin-Amerikagruppene i Norge.

Jamlege smell dominerer lydbildet. Er det skot? Sjokkgranatar? Rakettar? Tåregassen ligg så tett i gatene at det byrjar å svi i augne fleire kvartal unna demonstrasjonane. Ei gruppe demonstrantar kjem springande mens dei ropar: “Spring! Dei kjem!”

 

Den 18. april smalt det. Store demonstrasjonar mot den sittande regjeringa har brote ut i alle større byar i Nicaragua. Det som byrja som eit opprør mot ein pensjonsreform har utvikla seg til å bli eit generelt uttrykk for misnøye mot regjeringa. Etter fire dagar med protestar meldast det om 30 drepne.

 

Demonstrasjonar, smell og tåregass har vore ein del av bybildet i dei fleste byar i Nicaragua dei siste dagane. Dette er noko utanom det vanlege. Til forskjell frå nabolanda har Nicaragua vore prega av ro, men bak denne roa har det skjult seg ei stadig djupare misnøye. Dei siste presidentvala har den sittande presidenten Daniel Ortega sentrert stadig meir makt rundt seg sjølv, blant anna ved å gjere kona Rosario Murillo til visepresident. Ortegas parti, FSLN, har to tredjedelars fleirtal i parlamentet og har i praksis kontroll over viktige statsinstitusjonar som valrådet og høgsterett. Kontroversielle endringar i grunnlova i 2014 gjer at det ikkje lenger er avgrensa kor mange periodar presidenten kan gjenveljast for. Noko som har gitt nytt liv til tiltalene frå opposisjonen om at Ortega har ambisjonar om å sitte som president på livstid.

 

Bakgrunnen for demonstrasjonane er ei endring i pensjonsordninga. Det viser seg at det nicaraguanske instituttet for sosial sikkerheit, INSS, ikkje har pengar. Dette til tross for at INSS har fått både arbeidstakarar og arbeidsgivarar sine innbetalingar i årevis. Løysninga rammar vanlege folk: Dagens pensjonistar får 5 prosent mindre å klare seg på, mens framtida sine pensjonistar kan risikere å få inntil 11-12 prosent mindre pensjon.

 

Den 18. april gjekk først pensjonistar ut i gatene i protest. Men demonstrantane fekk ikkje gå i fred. Dei neste dagane blei sosiale medium fylt opp av videoar med pensjonistar som blei slått med batong av politiet. Mange er sinte: Korleis kan politiet banke opp uvæpna 70-åringar? Dei neste dagane blei demonstrasjonane større og politivalden grovare. Statuer satt opp av Ortega i hovudstaden Managua har blitt reve ned som eit symbol på misnøya mot presidenten. Etter massivt press har Ortega gått tilbake på sitt opphavlege pensjonsforslag, men fleire demonstrasjonar er likevel venta dei neste dagane.

 

Protestane har synleggjort graden av sensur og undertrykking som utspelar seg i Nicaragua. Dei siste dagane har fleire mediekanalar blitt midlertidig stengt. TV-kanalane Canal 2, 23, 51 og 63 har alle vore nede i løpet av dei siste dagane. Dei fleste er oppe igjen no, men Canal 63 sender framleis ikkje. Bygga til La Radio Darío har blitt brent ned, og fleire radiokanalar har også vore eller er nede. Det rapporterast om at utanlandske journalistar blir fråteke utstyr og halde igjen på flyplassen. Og i går blei den nicaraguanske journalisten Ángel Gahona skote og drept i Bluefields mens han sendte live på Facebook. Under emneknaggane #SOSNicaragua #SOSInss blir det spreidd informasjon på sosiale medium om kva som skjer i landet.

 

Myndigheitene jobbar aktivt for å hindre folk i å utøve den grunnlovsfesta retten til å demonstrere og har satt inn straffetiltaka for å ramme folk flest så lenge protestane er i gang. Studentar på offentlege universitet fortel at dei blir trua med å miste stipend, studentbustad og studieplass om dei deltek i demonstrasjonane. Medisinstudentar og andre med medisinsk kompetanse blir trua med å miste studieplassen sin, eller jobben sin, om dei gir helsehjelp til skada demonstrantar. Straumen blei skrudd av i nesten 12 timar i delar av León fredag og laurdag. Politiet har nekta brannvesenet å sløkke brannar som har oppstått i kjølvatnet av demonstrasjonar. Fleire hus i León har brent ned på grunn av dette, og ein person har omkomme i brann. Dei offentlege sjukehusa i fleire byar har i periodar vore stengt, og du får dermed ikkje naudsynt helsehjelp med anna du har pengar til å betale for privat behandling. Nokon av sjukehusa har opna igjen, men nektar likevel å gi medisinske hjelp til demonstrantar.

 

Daniel Ortegas Nicaragua er ikkje eit land som har rom for kritiske blikk på eller opposisjon mot myndigheitene. Dette har vi fått illustrert tydeleg i form av politivalden og mediesensuren me har sett dei siste dagane. Derimot illustrerer demonstrantane mot når dei risikerer liv og framtid for å protestere mot velferdskutt og eit autoritært styre.

 

Vi støttar det nicaraguanske folket sin rett til å gjennomføre fredelege demonstrasjonar, utan fare for liv og helse. Vi er alvorleg bekymra for at smellet i Nicaragua vil avdekke ei misnøye som kan føre til endå fleire drepne og skada. Valden mot demonstrantar må opphøyra augeblikkeleg.