Blir det raudt eller blått i Bolivia?

Kven skal styre Bolivia etter landsfaderen Morales? Vil det sosialistiske partiet halde på makta, eller ynskjer bolivianarane å gå til høgre? Og blir det eigentleg noko val i år, eller vil kuppregimet halde på makta?

Artikkelen sto på trykk i ein forkorta versjon i Klassekampen 31.08.20.

Det vart stor debatt då Morales stilte til eit tredje presidentval i fjor. Kandidaturet var grunnlovsstridig  og høgresida nytta situasjonen til å kuppe makta. Men trass usemje og irritasjon ved kandidaturet, er den karismatiske aymaramannen og sosialisten Evo Ayma Morales å rekne som Bolivia sitt svar på Gerhardsen. Ingen boliviansk president har vore meir populær. Han vart gjenvald to gonger med svært god margin og høg valdeltaking, og meiningsmålingar tyder på at bolivianarane auka si tiltru til det politiske systemet med Morales ved makta. I løpet av sine 15 år som president bygde han opp kimen til ein velferdsstat, halverte fattigdomen og reduserte ulikskapen. Med Morales ved roret lausreiv Bolivia seg frå USA si klamme hand og urfolkspråka vart anerkjende som offisielle. Ein landsfader.

Kven skal no styre det fattige urfolkslandet? Interimregjeringa har lova nyval, men pandemien har ramma Bolivia rimeleg hardt og valet har blitt utsett to gonger. No ligg det ann til at folk kan gå til urnene den 18. oktober og avgjere landets framtid. Valet står fyrst og fremst mellom korvidt det sosialistiske styret til MAS skal fortsetje eller om folket no ynskjer seg ei høgreorientert regjering. Men som i alle republikkar har sjølve presidenten mykje å sei. Så kven står eigentleg det bolivianske presidentvalet om?

Foto: EneasMx

Bolivias tidligere president, Evo Morales. Foto: EneasMx

Cruela de vil


Jeanine Añez vart kjent for verda då ho med bibelen i hand og den høgreekstreme Camacho ved si side inntok det bolivianske presidentpalasset under kuppet i fjor. Añez som var viseleiar av Senatet, utnemde seg sjølv som interimpresident til applaus frå ein halvfull kongressal. Representantane frå sosialistpartiet MAS boikotta sesjonen i protest mot kuppet og vart også forhindra i å vere tilstades grunna valdlege framstøt.

Som interimpresident hevda Añez at ho ikkje hadde noko interesse av å stille til valet i 2020, at hennar rolle var å legge til rette for eit gjennomsiktig val. Men to månadar seinare annonserte ho sitt presidentkandidatur. Añez var visst ikkje heilt utan interesser likevel, og foreløpig ser det ut til at ho tviheld på statsmakta. Ho lova val iløpet av 6 månadar, men det er ni månadar sidan forsvarssjefen tvinga MAS regjeringa frå makta og noko val er framleis ikkje avhalde. Annonserte valdagar er utsett to gonger med begrunning i covid 19 og smittevern.

Bolivia er hardt ramma av pandemien. Det fattigaste landet i Sør-Amerika tel ikkje meir enn 100 000 registrera smitta, noko som er godt under nabolanda. Men no vert Bolivia rekna som eit av dei landa i regionen der det døyr flest i forhald til innbyggartalet. Det er registrert over 4000 dødsfall.

Añez er ikkje aleine om å utsetje val med grunnlag i pandemien. Over 50 val verda rundt er utsett grunna covid-19. Men interimregjeringa si forfølging av opposisjonelle gjere utsetjingane meir suspekt. Venstreorienterte journalistar har blitt arrestera, kampkledde generalar  gjekk inn i Senatet for å tvinge MAS representantane til å stemme for regjeringa sine forslag, og innanriksministeren har truga med å sende kampfly til MAS bastionen Chapare. MAS representantar vert anklaga for terrorisme og det heile gjev søramerikanarane vonde minne frå 1980-talets diktatur.

Bolivianarane er imidlertid eit kjempande folk, og dei siste vekene har sosiale rørsler med landsorganisasjonen COB i spissen demonstrert med krav om at valet må avhaldast den 6 september som tidlegare annonsert. Alle dei sentrale vegane i landet har vorte sperra av og ramma varetilgangen i byane. Añez har anklaga demonstrantane – eller strengt tatt MAS – for å forhindre medisinsk utstyr i å kome fram. Ifølgje statsleiaren har 30 folk mist livet fordi vegsperringane har stoppa livsviktig hjelp til coronapasientar. Demonstrantane på si side nektar for dette og hevdar at dei har sluppe gjennom medisinsk transport.

Demonstrasjonane har hatt effekt. Interimregjeringa vil ikkje imøtekome kravet om val den 6. september, men har vedtatt ei lov som skal sikre at valet avhaldast den 18. oktober.

Foto: Jeanine Añez sin Twitter

Interimpresident Jeanine Añez. Foto: Jeanine Añez sin Twitter

Kven er så presidentvalets kvinnelege kandidat og kva føresetnad har ho for å vinne valet? Añez er jurist og sat i grunnlovgivande forsamling i 2006. Ho har vore programleiar og direktør i ein lokal TV kanal. Dei siste 10 åra har ho vore senator for ulike høgrepolitiske parti.

Añez kjem frå Beni, det varme og skogrike låglandet. Ein del av landet som Morales vart kritisert for å oversjå. Det oppstod store lokale protestar då regjeringa avgjorde å bygge veg gjennom skogreservatet TIPNIS. TIPNIS vart ein av Morales store akilleshelar og saka splitta delvis alliansen av urfolks rørsler som stod bak MAS som parti. Ei splitting Añez også har bruka for det den er verdt.

Godt plassert i presidentpalasset starta spekulasjonane om korvidt urfolkslandet Bolivia hadde fått ein rasistisk statsleiar. Bakgrunnen var ei rekkje rasistiske tweets. Tweetane viste nedlatande haldning til landets urfolk med henvisning til at urfolk er primitive folk utan sko og at nyttårsfeiringa til aymara folket er satanistisk. Añez hevda at postane var falske, men det franske nyhendebyrået AFP spora tre av dei fire postane tilbake til statsleiaren sin twitter konto. Det er ikkje mykje rasisme å spore i nyare fråsegner, men det er ikkje tilltsvekkjande at Añez valde den kjende, rasistiske Camacho til å stå ved si side under insettelsen. På direkte spørsmål om korvidt ho er rasist svarar ho ikkje direkte nei, men viser heller til at ho er oppteken av at heile landet, også låglandet, må representerast.

Añez plasserar seg på høgresida i boliviansk politikk og stiller som kandidat for alliansen Juntos. Ifølgje programmet vil Juntos liberalisere økonomien. Delar av dei statlege selskapa skal privatiserast, det statlege gasselskapet YPFB skal konkurrere på lik line med utanlandske selskap, økonomien skal rette seg mot eksport til verdsmarknaden og offentleg-privat samarbeid skal løyse det alliansen ser som en ineffektiv og korrupt offentleg sektor. Añez er imidlertid ikkje den einaste kandidaten på høgresida. Som tidlegare år har høgresida hatt vanskeleg for å samle seg bak ein kandidat, og ser me på dei kandidatane som ligg an til å få meir enn 2 prosent oppslutning så er det fem blomar i buketten. Favoritten er ifølgje meiningsmålingane Carlos Mesa.


Mannen utan ryggrad


Carlos Mesa vert framstilt som valets sentrumskandidat. Den 68 årige mestisen vaks opp i ein akademikarheim i La Paz og er etter utdanning og yrke å dømme ein ordets mann. Men det er vanskeleg å finne nokon politisk substans bak alle orda. Mesa sparkar til høgre og venstre. Han sparar ikkje på kritikken av den sjølvoppnemnde interimregjeringa og han var Evo Morales sin hovudmotstandar i fleire val. Det er lett å forstå kva han er imot, men vansklegare å skjønne kva politikk han er for. Mesa har også vakla mellom ulike alliansar og det synast hardt å skjøne kor lojaliteten ligg.

Mesa vaks opp i ein akademikarheim i La Paz og han har statsvitskap frå universitetet i Madrid og ein litteraturgrad frå universitet i La Paz. Han vart tidleg samfunnsengasjert og var ein av dei mest kjende bolivianske journalistane og mediemennene på 1980- og 1990 talet.

I sitt program søkjer alliansen å plassere seg i sentrum av boliviansk politikk. «Kva betyr det å vere venstrevridd eller høgrevridd i dag? Ingenting, fordi desse pakkene ikkje held mål», slår Mesa sin allianse Communidad Ciudiana fast. Men kva står igjen når politikken avpolitiserast?

Mesa har ikkje alltid vore ein moderat politikar. Han kom inn i politikken som den forhatte presidenten Sanchez de Lozada sin visepresident i 2002. Sanchez de Lozada og det tradisjonelle høgrepartiet MNR gjekk inn i historiebøkene som ein av dei mest forhatte bolivianske regjeringane då dei møtte protestar med militær makt. Oktober 2003, eller svarte oktober som det heiter i Bolivia, vart 70 demonstrantar drepne i gatene av Lozada’s styrker og hundrevis vart såra.

Utgangspunktet for samanstøta var ein debatt om korleis landets store gassreserver skulle forvaltast. Regjeringa vidareførte tiår med lite statleg intervenering i sektoren. Utanlandske selskap fekk konsesjon til utvinning og eksport av råvara, og bolivianarane såg lite til rikdomen. Inspirert av venstreorienterte regjeringar andre stader i Sør Amerika samla stadig fleire seg bak kravet om nasjonalisering av gassrikdomen. Store sosiale rørsler vaks fram under namnet Guerra del Gas (gasskrigen). Men MNR regjeringa stod hardnakka på den høgrevridde forvaltinga. Opptøyane auka på og Lozada svara med skarpare skyts. Til slutt rømte Lozada til Miami.

Kanskje er lite synlegheit den beste strategien for ein mann utan politisk kompass.

Mesa tok avstand frå blodbadet og overtok som president. For å stagge protestane avholt han ei folkeavstemming om forvaltning av gassressursen. Resultatet var klart, folk ville nasjonalisere rikdomen. Mesa skal ha ros for å høyre på folket, og han kan ikkje lastast for ein gal manns verk, men det er viktig å hugse at han støtta opp om politikken som førte til opprøret. Han inngjekk i ei høgrepolitisk regjering og stod støtt med Sanchez de Lozada i ei omstridt tid. Han gjekk frå høgre til sentrum, han gjekk frå privatisering til nasjonalisering. Fekk han ei politisk oppvakning eller var han opportun? Bolivianarane har ikkje gløymd svarte oktober, og den mange spør seg kvar hans lojalitet ligg.    

Av dei sakene han har reist høgast i valkampen er kampen mot korrupsjon.  Korrupsjon er eit problem i Bolivia. Men ifølgje meiningsmålingar er det bare 17 prosent som set korrupsjon høgst på den politiske dagorden. Økonomisk styring er ifølgje meiningsmålingane det folk er mest opptekne av. Mesa er imot utvinningsindustrien, men det er usikkert kva politikk det er han vil føre som skal føre landet inn i ein ny økonomisk modell.

Så gjenstår det å sjå om usikkerheita rundt hans politiske prosjekt gjer veljarane usikre i sitt val. I valkampinnspurten hevdar politiske kommentatorar at Mesa medviten har vore lite synleg. Kanskje er lite synlegheit den beste strategien for ein mann utan politisk kompass. 


Foto: The Aspen Institute/Flickr

Carlos Mesa var president i Bolivia mellom 2003-2005. Foto: The Aspen Institute/Flickr

Den høgreekstreme rikingen


Luis Fernando Camacho var Morales sin erkefiende i valet 2019 og stiller som presidentkandidat for alliansen Creemos. Han er ny i det partipolitiske landsskapet, men ein av dei mest kjende politiske karakterane i Bolivia. Som tidlegare leiar av næringslivsorganisasjonen Comite Civico er det ikkje vanskeleg å forstå kvar engasjementet til Camacho ligg. Han vaks opp i ein privilegert familie i Santa Cruz og vart tidleg samfunnsengasjert. Han er jurist av utdanning og leia ungdomsorganisasjonen Juventud Cruzenista, ein omstridd organisasjon grunna dei valdlege framstøta mot urfolksorganisasjonar og folk på venstresida. Camacho har kome med ei rekkje rasistiske fråsegner og han legg held ikkje skjul på sin avsky for landets urfolk.

 

Den kristenkonservative


Chi Hyun Chung vaks opp i Sør Korea og flytte med sine misjonsforeldre til Bolivia då han var 12 år. Chung er lege av profesjon og har etablert ei rekkje evangeliske kyrkjer.  Han vart vald som det kristendemoratiske partiet CDM sin kandidat ved valet i 2019 og er altså då også presidentkandidat ved vårens val. Politisk har Chung markert seg med kristenkonservative verdiar herunder sterk motstand til LHBT-rettar.


Ein tidlegare president


Jorge Quiroga er å rekne som ein presidentkandidat av det gamle slaget. Quiroga er mestis og vaks opp i den mellomstore byen Cochabamba. Han tok bedriftsøkonomi i USA og flytte tilbake med si amerikanske kone med ein klar visjon om at eksport av gass og utanlandsinvesteringar ville utvikle landet. Quiroga vart vald som visepresident i 1997 i lag med tidlegare diktator Hugo Banzer. Iveren etter utanlandsk kapital resulera i ei av verdas fyrste privatiseringar av vatn. Men lokalbefolkninga tok til gatene og i heimbyen Cochabamba samla det som skulle bli ei av verdas største sosiale rørsler seg i gatene til protest mot regjeringa. Banzer møtte opprøret med vald og fleire vart drepne i det som på folkemunne vert kalla Vasskrigen. Banzer gjekk av og Quiroga tok over som president i 2001. Han har bytt parti sidan den gong, men stiller fortsatt for eit av dei store tradisjonelle partia MNR. 


Den sosialistiske økonomen


Kven er det då venstresida sitt store håp? Movimiento al Socialismo (MAS) har vald økonomen Luis Alberto Arce Catacora som kandidat. Arce kan ikkje fylle Morales sine sko når det kjem til karisma og han har heller ikkje den utprega folkelege bakgrunnen til sin forgjengar. Men han har stor truverd som statsmann.

Arce var finansminister 2009-2019 og handelsminister i 2006-2009. Med ein økonomisk vekst langt over snittet i Sør Amerika har Arce blitt ein anerkjent økonom internasjonalt. Washington post blant anna har definert han som ein av regionens beste finansministrar. Slik er han den rette mann for å lokke sentrumsveljarar. Bolivianarane veit kva dei får med Arce, og dei kan ha tiltru til at økonomien vil gå vel.

Stikk i strid med eit kvart mantra frå IMF og Verdsbanken er det ikkje utanlandsinvesteringar, låge skattar og kutt i offentleg sektor som har vore motoren til Bolivia sin økonomiske suksess. Med master i økonomi frå det engelske universitetet Warwick og ein klar marxistisk overbevisning er det nasjonalisering av naturressursar, statleg initiert industri, intern markand og sosial utjamning som har stått på agendaen til Arce. Arce var sentral i nasjonaliseringa av gassressursane då MAS kom til makta i 2006 og etter det har det gått slag i slag. Slik er han også ein god kandidat for det sosialistiske partiet. Med han ved roret kan me håpe på å sjå ei vidare økonomisk styring som er til gode for den fattigare delen av befolkninga.

Vil Arce sin appell blant urbane sentrumsveljarar vege opp for hans manglande appell blant urfolk på landsbygda?

Om Arce er den rette mann til å mobilisere grunnplanet i MAS – urfolksrørsla, er derimot usikkert. Arce voks opp i hovudstaden der foreldra var lærarar på offentleg skule. Han er skulert og har ikkje kjent fattigdomen eller avmakta på kroppen slik fleirtalet i rørsla har. På bygda vil urfolk truleg kjenne det vanskeleg å identifisere seg med Arce. Arce er såleis eit risikabelt presidentprosjekt. Vil Arce sin appell blant urbane sentrumsveljarar vege opp for hans manglande appell blant urfolk på landsbygda?

Partileiinga er strategar og har sjølvsagt søkt å vege opp dette dilemmaet med å peike på aymaramannen David Choquehuanca som visepresident. Choquehuanca kjem også frå La Paz fylke, men han vaks opp i eit aymara samfunn i Cota Cota Baja. Han er ein sentral figur i bondeurfolksrørsla CSUTCB som utgjer ein stor del av dei organiserte urfolka på landsbygda. Han var kansler for MAS regjeringa og har etter det operert som generalsekretær i det regionale handelssamarbeidet ALBA. Klarar MAS å fronte Arce og Choquehuanca som eit lag så kan det bli like suksessfullt som den breidda Morales og visepresidenten, akademikaren og mestisen Àlvaro Garcia Linera representerte.


Kven går av med sigeren?


Skal me tru meiningsmålingane er Arce den klare favoritten. Men med ei oppslutning på rundt 30 prosent blir det truleg ein andre valrunde. Interrimpresidenten Anez og tidlegare visepresident Mesa har begge god opplsutning, men når ikkje opp til Arce. På dei fleste målingane utført etter kandidaturene vart klare har dei ligge på mellom 15 og 20 prosent. Med dei siste meiningsmålingane utført juni-juli kan det sjå ut til at Mesa er høgresida sin favoritt. Det er lite sprell med Mesa. Mestis, velståande, del av den etablerte politiske eliten og godt opp i åra. Noko kjedeleg kan ein vel sei, men for den delen av befolkninga som har sett seg lei av fyrverkeriet Morales så kan det hende at Mesa er å føretrekke.

Foto: Eirin Høiseth

Markering av 1. mai i La Paz Foto: Eirin Høiseth

Den høgreekstreme Camacho, den kristenkonservative Chung og den tidlegare presidenten Quiroga ser ikkje ut til å kunne stille opp med konkurrentane. Av desse har Camacho hatt størst oppslutning og har ligge mellom 5 og 10 prosent.

Der meiningsmålingane peikar til fordel for Arce i fyrste valrunde er utfallet av andre runde høgst usikkert. Ser me på dei siste meiningsmålingane ville meir enn 50 prosent av veljarane stemt på ein av kandidatane på høgresida.Men eit stort fleirtal er kritiske til privatisering og positive til skattelegging av dei rikare sektorane, meiningar som skulle tilsei støtte til MAS. Skal den sosialistiske regjeringa halde på makta må nok Arce appellere godt til dei som sit på gjerdet. MAS har vore eit svært populært regjeringsparti over lengre tid. No får me sjå om folk sin lojalitet ligg til Morales som person eller til den sosialistiske rørsla som parti.

Heidi Lundeberg
Land
Stikkord