Lokalradio frå dei chiapanesiske høgfjella

Frå eit lite murhus i Acteal sender Radio Biene ut meldingar om fred, kjærleik, rettferd og håp.

I Mexico er det lite plass til kritiske stemmer i privat og offentleg media, difor er eit eige uavhengig media ein sjølvføle når Las Abejas (biene) bygger sjølvstyre i dei chiapanesiske høgfjella. Radio Guardianes de la memoria y la esperanza, eller Radio Biene - dei som vaktar historia og håpet, sender ulovleg på frekvens 99.1. Frå den meksikanske staten si side er det lite interesse for å gi konsesjonar til slike medium.

Ei sendar med kapasitet på femten watt

Dette er ordentleg lokalradio. Sendaren har kapasitet på kun femten watt, og rekk ikkje lenger enn ein radius på tre kilometer. For tida jobbar den vesle radiostasjonen med å skaffe middlar til ei ny antenne.

-Den sendaren me har no er ikkje god nok. Me ønskjer oss ein på 200-300 watt slik at me kan nå ut til fleire. Det er veldig viktig at Biene har sin eigen radio. Andre radiokanalar gjenfortel berre det regjeringa seier, men me har eit anna fokus. Gjennom radioen kan me spreie kampen til organisasjonen og andre vitige bodskap. Nokon må fortelje sanninga om det som skjer her i området, seier Lázaro Arias Gomez kommunikasjonspromotør i Biene.

Ønskjer å få fram multikulturelle perspektiv

Hovudspråket til Radio Biene er tsotsil, men dei ønskjer også å presentere andre språk og kulturelle erfaringar for sine lyttarar. Til no kan ein også høyre spansk, engelsk, fransk og norsk i deira sendingar. Radio som kommunikasjonsmedium har ei heilt spesiell stilling i det meksikanske samfunnet, som i mange andre samfunn i utvikling. Her i høgfjellsområda er det nemleg svært lite tilgang til andre medium. TV er det svært få som har. Aviser er det vanskeleg å få tak i, i tillegg til at mange her ikkje kan lese i det heile tatt. Ein lokalradio vert difor viktig for Biene i deira prosess mot sjølvstyre og rettferd. I radioen kan dei, på sitt eige morsmål og utan sensur, formidle sanne nyhende og meldingar frå organisasjonen. «Kun i eit opplyst samfunn kan rettferd sigre», skriv Biene.  

Det som gjer historia verkeleg er at nokon hugsar den 

«Regjeringa ønskjer at ein skal gløyme visse historiske hendingar og tragediar, slik som det som skjedde i Acteal. Sjølv om dei mektige kontrollerer media, og kan presse fram sin versjon, har Biene med sin kamp «sørgja for at det har vore umogleg å gløyme det som skjedde i Acteal» skriv Biene i sin strategiske arbeidsplan frå 2012. Sidan oppstarten i 1992 har organisasjonen hatt eit bevisst forhold til si eiga historie. Det er viktig for dei at folka her i høgfjella er opplyste og veit kva som skjer, slik at ingen seinare kan endre namn og viske bort enkelte hendingar som tar seg dårleg ut i offentlege dokument. Gjennom radiosendingar, eigenproduserte dokumentarfilmar og skriftlege kjelder dokumenter Biene kvar dag si eiga historie. Ingen meksikanar skal nokon gong gløyme det som skjedde den 22. desember 1997, Biene sørgjer for det.

Jørdi Maria Losnegård
Land