Biene byggjer urfolksautonomi med vekt på eigen kosmovisjon

«Motstanden er som eit gamalt tre. Eit tre som ikkje let seg røre, og som ikkje knekk når vinden bles på det.»

Las Abejas, Biene, har lange tradisjonar for motstandskamp og krav om rettferd. Over fleire år har dei også, sakte men sikkert, bygd ein eigen autonomi. Organisasjonen ønskjer å finne attende til eit levesett som heidrar forfedra og dei som har levd før dei. Til grunnlag for autonomien må ein difor legge lokale historiske tradisjonar. 

Ein autonomi som respekterer deira kosmovisjon som urfolk

Slik Biene ser det stiller mennesket og naturen likt. Naturen er ein person som me er i konstant samhandling med. På lik linje med mennesket krev naturen difor å bli behandla med verdigheit og respekt. På grunnlag av dette kan ikkje Biene støtte megaprosjekt som skadar naturen. Dei kan heller ikkje følje kulturelle strøymingar, slik som den moderne vestlege kulturen gjer når den ikkje respekterar miljøet. Biene seier difor nei til den dårlege regjeringa (den meksikanske) og private selskap sine prosjekt, slik som rurale byar og plantasjar med monokultur. Konklusjonen er at ein må vende attende til tsotsilfolket sitt tradisjonelle levesett. Dermed vender ein ryggen til den livsstilen det moderne samfunnet prøver å presse på urfolk  – berre slik kan ein leve i pakt med moder jord. Det er viktig å hugse på at mennesket ikkje er sentrum i livet, men derimot berre ein liten del av universet me alle bur i.

Eit styre som adlyd folket

«Jorda er heilag, den kan ikkje eigast. Difor finns inga sann regjering,» uttaler sentralstyret i organisasjonen. Slike uttalingar illustrerer kvifor det ofte er vanskeleg for Biene, og andre urfolksorganisasjonar å forhalde seg til sentralregjeringar og deira syn på jord og eigedomsrettar.

Biene som organisasjon tar utgangspunkt i ein flat maktstruktur. Der finnes ingen klare leiarar på vegen mot autonomi. Derimot er det viktig at sentralstyret i Biene høyrer på grasrota og føl ein veg som leiar til konsensusbaserte målsettingar.

Hovudmålsettinga med autonomiprosjektet er å betre livssituasjonen til medlemane i organisasjonen; Biene vil skape det gode liv i sine lokalsamfunn. Lokalautonomi gir samfunna moglegheit til å konsentrere seg om lokale problemstillingar og behov på ein betre måte enn sentralregjeringar til no har gjort.   

Autonomi er naudsynt

«Samfunn vert avhengige når dei mottar hjelp frå staten. Denne avhengigheita vert til lydigheit og underkastelse, samstundes som det legg til rette for latskap og konformitet,» skriv Biene i sin arbeidsplan for 2012. «Regjeringa har ikkje vore i stand til å fremje ei sann utvikling på grunn av normer og lover som berre favoriserer enkelte samfunn og etniske grupper i Mexico.» Difor, som ei motvekt til den statlege utviklingsmodelen, ønskjer Biene å styrkje ulike arbeidsområder med kollektivt fokus.

Lokale helse-, kommunikasjons- og menneskerettspromotørar, som meklar i konflikter, vert kursa kvar månad. Slik skal dei kunne ta ein aktiv del i lokalsamfunnet sitt, og gi eit betre tilbod til innbyggjarane. Dessutan utviklar ein produktive prosjekt slik som fjærkreproduksjon, peanøtt- og soppavlingar. Tanken er at desse skal gi grasrota i organisasjonen ei inntekt. «Medlemane kan på denne måten fremje ein solidarisk økonomi i ein kontekst dominert av nyliberalisme og ei stadig meir globalisert økonomi.»

image.php?id=13933Veggmaleri fra gravkammeret i Acteal. Foto: Susanne Kulasingam

Jørdi Maria Losnegård
Land