Latin-Amerikas alternativ til frihandel

Dagens frihandelsavtaler lukkas ikkje i å skape vekst som kjem verdas mange fattige til gode. I Latin-Amerika derimot settast mål og middel i rett rekkjefølgje. ALBA brukar handel som eit verkemiddel for lokal produksjon og med forståing for landa sine ulike situasjonar drivast solidaritet i praksis.

Mange har høyrd om Latin-Amerika si alternative handelsavtale. Dei av oss som har hatt spesiell interesse for den progressive dreiinga på andre sida av Atlanteren har gjennom media sett presidentane tale radikalt om komplementaritet i staden for konkurransepolitikk. Men kva er eigentleg denne ALBA-avtala og kva har storpolitikken å sei i praksis ti år etter dei fyrste samtalene om ei solidarisk handelsavtale mellom Chávez og Fidel?

ALBA står for Alianza Boliviariana para los Pueblos de Nuestra América – Den bolivarianske alliansen for folket i vårt Amerika. Namnet gjev eit klart bilete av visjon og formål: eit sjølvstendig og samla Latin-Amerika. Det er ei politisk avtale som heidrar Simón Bolívar, folkehelten som leia frigjeringskrigen i store delar av det sørlege Amerika. Bolívar hadde store vyar om eit foreina Latin-Amerika. Mykje av hans idear er å spore i traktaten og mangt eit maleri av Bolívar er å sjå over dei progressive presidentane sin pult. Namnet illustrerar også den økonomiske, sosiale, kulturelle og politiske konflikten mellom USA og Canada i Nord og Latin-Amerika i Sør. «Vårt Amerika» er Latin-Amerika og i denne termen ligg ein viktig visjon om at Latin-Amerika skal bestemma over seg sjølv og ikkje la seg diktera av nabolanda i Nord. Med det bolivianske medlemsskapet i 2006 starta samtalene om sosial utveksling og solidarisk bistand og frå og med 2009 fekk alliansen tilnamnet Tratado de Comercio de los Pueblos (TCP) – Folkets handelsavtale.(1) Avtala heiter altså ALBA TCP. I denne artikkelen vil den kortare versjonen ALBA bli brukt.


Handel som verkemiddel

Hovudmålet bak ALBA er økonomisk og sosial utvikling og regional integrering. Det fyrste prinsippet i ALBA-traktaten frå 2004 anerkjenner at handel og investeringar ikkje er mål i seg sjølv, men moglege middel for utvikling.(2) Sjølv om handel og utveksling internt i regionen er eit formål med avtala, vert den statlege suvereniteten opphøgd som ein berebjelke i samarbeidet. Statane er suverene og prinsipp fastsett i grunnlover og nasjonalt lovverk skal implementerast med hjelp av regionalt samarbeid og handel, ikkje motsett slik tilfelle har vore med frihandelsavtalene der nasjonalt lovverk skal tilpassast internasjonale forpliktingar.


«Vårt Amerika» er Latin-Amerika og i denne termen ligg ein viktig visjon om at Latin-Amerika skal bestemma over seg sjølv og ikkje la seg diktera av nabolanda i Nord.

Det er nettopp forholdet mellom mål og middel som har vore ein av hovudkritikkane sosiale rørsler og statsleiarar verda over har retta mot Verdas Handelsorganisasjon (WTO) og mangfaldet av bilaterale og regionale frihandelsavtaler og investeringsavtaler. I dei nyliberale institusjonane vert handel og investeringar sett på som mål i seg sjølv. Under dagens internasjonale handelsregime skal produksjon, arbeidsorganisering og transport leggje til rette for mest mogleg handel og investeringar over landegrensene. Frihandel og utanlandske investeringar vert sett som målet då dei globale selskapa sin frie konkurranse vil resultere i at pengar straumar ned til den store folkehopen. Nasjonalt lovverk må justerast og tilpassast dei internasjonale handelstraktatane, det vere seg arbeidsmiljølover, miljøreguleringar i industrien, eller konsesjonskrav til lokal energileveranse.

Samlege rike land industrialiserte seg under andre politiske tilhøve, med nasjonal industri beskytta frå internasjonal konkurranse i ein oppbyggingsperiode for så å gradvis eksponere seg for utanlandske marknadar.(3) Noreg og andre rike land utvikla seg frå fattigdom til velstand med industri som nav. Industriell produksjon skaper meirverdi, varer for konsum og ikkje minst arbeidsplassar. Løna arbeid for underklassa er truleg det mest effektive middelet mot fattigdom. Då Noreg utvikla seg frå fattigdom til velferd i etterkrigsåra var det nettopp dette som var anerkjent i den internasjonale politikken. Då statsleiarar frå land i heile verda møttes til den fyrste internasjonale handelskonferansen i Havanna i 1948, United Nations conference on trade and employment, stod produksjon og handel på dagsorden, ikkje handel eine og aleine.(4)


Alternativet til nyliberal handelsavtale

ALBA vaks fram som eit alternativ til den nyliberale all-amerikanske handelsavtala ALCA. Etter massiv motstand blant sosiale rørsler i Latin-Amerika, etter kvart manifestert gjennom venstreradikale regjeringar, måtte USA utover totusentalet skrinleggje ALCA.

Dei fyrste samtalene om behovet for ei regional handelsavtale gjekk føre seg mellom den venezuelanske presidenten Hugo Chávez og den cubanske presidenten Fidel Castro på tampen av 2001. I 2004 signerte desse statsleiarane rammeverket for det me kjenner som ALBA.(1) Alliansen vaks etter kvart som venstreradikale regjeringar tok over i dei ulike latinamerikanske landa. Urfolksleiaren og fagforeiningsmannen Evo Morales meldte inn Bolivia då han i 2006 fekk presidentmakta i Bolivia. Tidlegare revolusjonshelt Daniel Ortega sørgja for nicaraguansk medlemskap så fort han fekk presidentmakta i 2007. Manuel Zelaya meldte nabolandet Honduras inn i 2008. Og i 2009 vart Ecuador medlem under leiarskap av den progressive økonomen Rafael Correa. I tillegg er øy-statane Dominica, Saint Vincent, Grenadinane, Antigua og Barbuda medlemmer i alliansen. Etter kuppet i 2010 meldte kuppmakarane Honduras ut av ALBA igjen.(5) Ni latinamerikanske land er altså med i ALBA i dag.


Ni latinamerikanske land er med i ALBA i dag.

ALBA er eit storpolitisk prosjekt og forpliktingar og nye former for samarbeid vert definerte under presidentmøter. Under presidentskapet har ALBA eit ministerråd og eit råd av sosiale rørsler.[6]

Derunder ei rekkje komitear som tek seg av dei ulike delane i ALBA og Banco del ALBA som finansierar bistandsprosjekta.[7] Nedst står sekretariatet som held til i Caracas i Venezuela. [8]


Eit geopolitisk prosjekt

ALBA må forståast som eit politisk prosjekt og i høgste grad eit geopolitisk prosjekt. Dei siste 30 åra har verda økonomisk sett blitt stadig meir dominert av såkalla transnasjonale selskap. Eit handknippe selskap med hovudkontor i rike land, sjølv om mange av dei på papiret har hovudsete i skatteparadis som Caymanøyane, har fabrikkar og distribusjonsnett verda over. Dominansen av enkelte utanlandske selskap som utvinn naturressursar for så å eksportere det til rikare land er ikkje noko nytt fenomen i Latin-Amerika. Kontinentet som er svært rikt på naturressursar som olje, gass og mineralar har i hundrevis av år vore kjelde til uttapping av råvarer som har vorte vidareforedla og konsumert i rikare land.[9] 

Ein viss nasjonal industri vaks likevel fram med hjelp av importsubsidier i enkelte latinamerikanske land på 1970-talet. Utvinningsindustrien vart også delvis nasjonalisert og ei mindre middelklasse vaks fram i løpet av denne perioden. Fagrørsla blomstra opp og fåtalet av den latinamerikanske befolkninga som kjende denne utviklinga på kroppen opplevde ein viss lausriving frå utanlandsk dominans. Denne perioden skulle ikkje vare lenge. Med inflasjonsbølgja fekk dei rikare naboane i nord nok ei gong makt til å diktere den økonomiske utviklinga i regionen. Verdsbanken, det internasjonale pengefondet (IMF) og den interamerikanske utviklingsbanken gav landa lån og gjeldsslette med sterke politiske føringar. Diktatet som enkelte ideologisk overtydde statsleiarar i Latin-Amerika gjennomførte med stor iver, var privatisering og kutt i offentleg sektor. Resultatet var at den nasjonale industrien gjekk nedunder og ressursane nok ei gong vart eksporterte som råvarer til den rikare naboen i Nord.[10]

Cuba er kanskje det beste (eller verste) dømet på kor avgjerande nære handelspartnarar er for oppbygging av nasjonal industri.

Under global marknadsliberalisme freistar små bedrifter å etablere seg jamsides selskap med produksjon over heile verda, gode for meir enn det samla statsbudsjettet til somme land. Ingen industri har utvikla seg utan vern frå konkurrentar i ein viss periode. Gjennom regional økonomisk integrasjon, freistar statar å skapa ein større verna marknad der nasjonale industriar kan veksa. Cuba er kanskje det beste (eller verste) dømet på kor avgjerande nære handelspartnarar er for oppbygging av nasjonal industri. Landet freista å bryta med internasjonale kapitalinteresser og blei møtt med handelsisolasjon. Resultatet vart økonomisk stagnasjon.


Fleire prosessar og institusjonar er bygd i Latin-Amerika det siste tiåret for å sørgje for regional integrasjon. Dei fleste av desse kan forståast i ljos av nettopp regional samhandling som strategi for å beskytte seg mot global marknadsliberalisme. 


Eit økonomisk og sosialt samarbeid

ALBA er eit økonomisk og sosialt samarbeid. ALBA byggjer på ideen om at handel og samarbeid mellom land skal verke komplementært og at statane ikkje skal konkurrere med kvarandre. Ideen er at dei ulike landa sit på ulike ressursar og vil kunne produsere ulike varer og tenester.[11]

Prinsippa i ALBA frå 2006 vektlegg at medlemslanda er ulike og at det økonomiske samarbeidet krev asymmetriske avtaler og bistand til dei fattigare partane. Omfanget og karakteren av samarbeidet varierar difor mellom dei ulike medlemslanda og er regulert av tostatlege og fleirstatlege avtaler. Medlemslanda har etter kvart som dei har tilslutta seg alliansen inngått forpliktingar overfor dei andre medlemslanda og vice versa.[11] Det ser i høgste grad ut til at prinsippet om asymmetriske avtaler og respekt for medlemslanda sine ulike situasjonar er fylgt opp i dei konkrete avtalene.

Når det gjeld økonomisk aktivitet utover landegrensene er dei tre søramerikanske landa Venezuela, Ecuador og Bolivia petroleumseksportørar og deira økonomi er i stor grad karakterisert av det.[12] Dei progressive regjeringane har sørgja for større statleg kontroll med petroleumssektoren, som syt for største delen av landa sine eksportinntekter. Cuba har lengje markert seg som eksportør av helsetenester, og har mellom anna sendt legebistand til land i heile verda i fleire tiår.

Mellom Venezuela og Cuba går avtala i stor grad ut på at Cuba skal bidra med sine sosiale program i Venezuela og at Venezuela skal bidra med vareeksport til Cuba.[13] Vidare har dei gitt kvarandre gjensidige tollfritak og ikkje minst fri etableringsrett for statlege selskap frå det andre landet. Ein stor del av avtala går også på å utveksle studentar. Cuba lovar Venezuela 2000 gratis studieplassar årleg med særleg fokus på legeutdanning, medan Venezuela lovar alle dei studieplassane Cuba skulle ha behov for med fokus på energi.[13] Då Cuba også sit på petroleumsressursar og Venezuela har behov for utbygging av helsevesenet kan ein sjå dette som ei form for teknologioverføring. 


Avtala med Bolivia har ein klar solidaritetsprofil i form av einsidige forpliktingar når det gjeld bistand.

Avtala mellom Bolivia og dei to ovanfor nemnde landa liknar på avtala over, men er meir asymmetrisk til fordel for Bolivia. Venezuela har forplikta seg til å importere bolivianske varer medan Bolivia skal bidra til energitryggleik i Venezuela og Cuba.[14]

 Avtala med Bolivia har ein klar solidaritetsprofil i form av einsidige forpliktingar når det gjeld bistand. Cuba har lova legar, alfabetiseringsbrigadar og 5000 årlege studieplassar til Bolivia. Venezuela har forplikta seg til å finansiere delar av Morales sine sosiale program i Bolivia samt 5000 årlege studieplassar.[14] Bolivia har ikkje tilsvarande forpliktingar.

Ecuador sitt medlemsskap har ein klar keynesiansk profil. Her står lokal og regional industrialisering i fokus og ALBA skal stimulere til produksjon. Saman skal Venezuela og Ecuador byggje sin eigen petrokjemiske industri, sin eigen bilindustri og sin eigen industri innan metallurgi.[15] Desse landa har i årtier eksportert råvarer for så å importere forbruksvarer – ein særs lite lønsam handel både økonomisk og sosialt. Ved å produsere varene sjølve vil dei for det fyrste skape mange sårt tiltrengte arbeidsplassar og for det andre kome seg ut av den fattigdomsfella det er å eksportere råvarer og importere forbruksvarer. Konkret skal dei to landa bistå kvarandre i å byggje opp ein storskalaindustri. Landa skal produsere ulike komponentar som til saman utgjer produksjon av eit ferdig produkt. Det er veldig kostbart for eit land å byggje opp eigen industri. Med dette samarbeidet vil dei kunne dele kostnadane. Venezuela vil til dømes kunne raffinere olja, medan Ecuador vil kunne ta kostnaden ved å foredle den til plastikk. Slik vil begge landa kunne produsere ferdige plastprodukt og selje dei til kvarandre. Å byggje opp eigen industri er også risikofylt. Eksport av varene vil vere ein måte å dekkje utgiftene ved etablering av industrien. At dei to landa gjensidig forpliktar seg til å kjøpe varene bidreg til tryggleik. Dette er eit klart døme på at ALBA definerar handel som eit verkemiddel for sosial og økonomisk utvikling og ikkje som eit mål i seg sjølv.


Albe bruker handel som et middel for utvikling, for eksempel ved å finanseiere utvikling av storskalaindustri i Ecuador. Foto: Presidencia de la Republica de Ecuador/Flicr

Omfang av regional handel

Ein måte å vurdere relevansen av ALBA er å sjå på handelen mellom medlemslanda. Ser ein bort frå råolje (som vert eksportert til USA), er Venezuela den viktigaste handelspartnaren til Ecuador nest etter EU.[15] Venezuela og Ecuador handlar ulike varer med kvarandre og det er ynskje om ytterlegare handel dei neste åra. ALBA har heilt klart bidrege til auka handel mellom desse landa.

Handelen mellom Cuba og Venezuela er også betydeleg. Venezuela eksporterte i 2009 nest mest til Cuba etter USA og for Cuba utgjer dette den største importen frå eit einskild land.[16] Den cubanske eksporten til Venezuela er heller ikkje ubetrakteleg. I 2009 gjekk 11 prosent av Cuba sin eksport til Venezuela.[17]

Bolivia handlar framleis mest med Brasil og Argentina i tillegg til USA og svært lite med ALBA-landa. I 2009 gjekk berre 5 prosent av eksporten til Venezuela og 4 prosent av importen kom frå Venezuela.[18] Dei andre medlemslanda står ikkje ei gong på lista over dei viktigaste handelspartane.

ALBA er meir bistand enn handel for Bolivia, men ei form for eksport til Venezuela har vore svært viktig både økonomisk, sosialt og politisk. Bolivia hadde utover 2000-talet ei eksportavtale med USA på tekstilvarer. Grunna politisk konflikt og usemje rundt dyrking av kokablad (som USA stemplar som narkotika), ville ikkje USA forlenge denne handelsavtala då den gjekk ut i 2008. Tekstilbedriftene som held til i fattigbyen El Alto protesterte kraftig mot dette og den internasjonale konflikten vart fort ein konflikt mellom Evo Morales og boliviansk næringsliv. Mange familiar vart også råka, då dei fekk sitt levebrød gjennom denne produksjonen. Morales inngjekk difor ei tilsvarande eksportavtale med Venezuela og no er heile den «tapte marknaden» i USA erstatta med eksport til Venezuela.[19]

Dette har vore ei økonomisk og sosial siger for Morales, men kanskje aller viktigast har det vore ein politisk siger der landet med rette kan hevde seg uavhengig av politisk diktat frå USA. Det er vanskeleg å sjå for seg ei slik avtale utan ALBA.


Internasjonalt sparetiltak

Sentralt i handelssamarbeidet står den digitale handelsvalutaen SUCRE. SUCRE står for Sistema Unitario de Compensación Regional de Pagos – Felles system for regional betalingskompensasjon.[20] Og det er nettopp det SUCRE er; eit regionalt betalingssystem. Medlemslanda i ALBA har i praksis eit slags kredittkort dei kan bruke i handel med dei andre medlemslanda. Kort sagt bistår sentrALBAnkane importørane med dei grenseoverskridande betalingane. Importøren betalar sentrALBAnken i lokal valuta og sentrALBAnken krediterar sentrALBAnken i eksportlandet med SUCRE. SentrALBAnken i eksportlandet overfører deretter verdien i lokal valuta til eksportøren.[21]


Medlemslanda i ALBA har i praksis eit slags kredittkort dei kan bruke i handel med dei andre medlemslanda.

Det er mange fordelar med SUCRE. For det fyrste slepp landa nokre av dei kostnadene det medfører å handle med amerikanske dollar.[22] Dollarprisen er i mange tilfelle ulik vekslingsrata sentrALBAnkane opererer med. Små kundar får gjerne ei dårlegare vekslingsrate, slik at dollariseringa favoriserer store selskap og velståande individ. Behovet for dollar i dei latinamerikanske økonomiane er i seg sjølv eit insentiv for å eksportera til USA heller enn andre handelspartnarar, jamvel om gevinsten då kan vera mindre. SUCRE verkar som insentiv for auka handel mellom medlemslanda. For det fyrste vert insentiva for handel med USA svekka og for det andre vert handelen mellom medlemslanda meir effektiv med SUCRE. Som eg også vil kome tilbake til verkar ordninga balanserande på handel mellom dei ulike partane. Sist men ikkje minst må det nemnast at SUCRE ikkje er inflasjonsdrivande innanfor ALBA, slik Euroen har vore det i dei fattigaste landa i Europa. Dette kjem av at SUCRE utelukkande er ein handelsvaluta mellom landa, medan transaksjonar i kvart land blir realiserte i lokal valuta.

SUCRE er eit relativt nytt tiltak og det er varierande i kva grad dei ulike medlemslanda nyttar seg av  betalingssystemet. I 2010 vart det slått fast at transaksjonar mellom offentlege instansar i Venezuela og Ecuador skal gjerast opp i SUCRE.[23] Ecuador ser klare fordelar med SUCRE, sjølv om dei strengt tatt har amerikanske dollar som eigen pengeeining.[15] Bolivia har vurdert SUCRE som meir kostbart enn transaksjonar med amerikanske dollar gjennom det internasjonale systemet og nyttar seg knapt av systemet.[24] Verdien av SUCRE er sett til 1,25 USD i ein overgangsperiode, men skal på sikt ha ein flytande kurs.[25]


Handelsbalanse – solidaritet i praksis

Kvar sjette månad gjerast handelsbalansen opp mellom dei ulike landa.(15) Historisk har det alltid vore slik at nokre partar eksporterar mindre enn andre og innan ALBA er det stor ulikskap mellom medlemslanda. Der Venezuela og Ecuador er mellominntektsland med relativt stor industri og eksport til ei rekkje land, er Bolivia eit klassisk fattig land med manglande industri og eksport av råvarer til enkelte land. Eit handelssamarbeid mellom så ulike partar kan føre til eit kolonialt handelsmønster der Venezuela og Ecuador eksporterar sine delvis vidareforedla varer til Bolivia medan Bolivia eksporterar råvarer til dei to nabolanda. Sidan vidareforedla varer er meir verdifulle i internasjonal handel enn råvarer vil Bolivia sitje igjen med handelsunderskot og gjeld til sine naboland. Tatt i betraktning at både Venezuela og Ecuador i tillegg har dei ressursane Bolivia eksporterar – mineral og petroleumsressursar – så har eigentleg Bolivia lite av interesse for nabolanda. I eit klassisk frihandelsmønster vil altså handel mellom desse landa vere svært så uheldig for Bolivia. 


Det er nettopp her ALBA-samarbeidet utfordrar det etablerte. Landa har nemleg forplikta seg til å vurdere korleis handelen dei imellom kan balanserast.

Men det er nettopp her ALBA-samarbeidet utfordrar det etablerte. Landa har nemleg forplikta seg til å vurdere korleis handelen dei imellom kan balanserast. Når handelsbalansen blir gjort opp kvar sjette månad vurderar styresmaktene om det er behov for å handle meir med eit land. Tiltak skal setjast i verk av styresmaktene i det landet som har handelsoverskot for å auke import frå det landet som har handelsunderskot.[25] Slik at ein over tid kan oppnå handelsbalanse og unngå underskot og ytterlegare gjeld for den parten som eksporterar minst. Dette er eit konkret politisk tiltak i solidarisk ånd. Gladleg er det også at dette ikkje berre er flotte ord på papir, men fungerar i praksis. Eit godt døme på det er det ecuadorianske helsedepartementet som no gjer ei vurdering av kva medisinar Ecuador kan importere frå Cuba. Dei vurderar rett og slett kva medisinar dei treng som Cuba produserar, med mål om å rette opp handelsbalansen mellom dei to landa.[25]


I flere tiår har kubanske leger vært de første som ankommer etter en katastrofe i Latin-Amerika, gjennom ALBA finansierer Venezuela legeutdnning for 100 000 latinamerikanske studenter på Cuba. Foto Nina Lakhan/Estrechangdo.es

ALBA 10 år etter

«Gode intensjonar og radikale talar» er responsen til mange når ein spør om ALBA. «God politikk satt ut i live» vil eg sei etter nokre vekers studie av Latin-Amerika si eiga handelsavtale. ALBA har bidrege til meir regional handel, industrialisering, massiv bistand til det fattigaste landet i Sør-Amerika, lausriving frå den internasjonale og kostbare dollaren, utdanning av hundretusenvis av latinamerikansk ungdom, og stadig meir lausriving frå koloniale makter i Nord. 


«Gode intensjonar og radikale talar» er responsen til mange når ein spør om ALBA. «God politikk satt ut i live» vil eg sei.

Det latinamerikanske folk utkjempar nok ein frigjeringskamp. Ved å opprette sin eigen utviklingsbank, sitt eige pengefond og si eiga handelsavtale treng dei ikkje lengre la seg diktere av internasjonale finans- og handelsinstitusjonar.

Statskuppet i Honduras like etter president Manuel Zelaya si signering av ALBA-traktaten illustrerar at det økonomiske og sosiale arbeidet og det geopolitiske prosjektet vert sett på som ein trussel mot det rådande politiske paradigmet. Kuppmakarane, støtta av høgresida i regionen og av sterke figurar i USA, trekte medlemsskapet i ALBA kort tid etter dei inntok presidentpalasset. Kuppforsøket på den progressive presidenten Correa i Ecuador året etter er eit klart signal om at ingen av dei progressive regjeringane i regionen skal ta sin demokratisk tildelte posisjon for gitt.

Det er difor ikkje tilfeldig at mykje av den politiske kapitalen har blitt lagt inn i etablering av regionale institusjonar med eit breiare politisk innhald dei siste par åra. Den nylege etableringa av CELAC – den mellomstatlege organisasjonen som samlar samlege amerikanske land med unntak av USA og Canada, er eit heilt klart steg i retning av ein sjølvstendig region. Det er openbert at prosessar som skal involvere alle frå sosialisten Morales i Bolivia til høgreradikale Piñera i Chile får eit mindre progressivt innhald enn prosessar mellom dei radikale regjeringane aleine. Regionalt sjølvstende er svært viktig og står sentralt i utviklinga av Latin-Amerika, men ikkje for ein kvar pris. For oss nordmenn som har kjempa mot inkludering i det som skulle vere eit regionalt sjølvstendeprosjekt og eit fredsprosjekt og som har enda opp som eit av dei mest nyliberale prosjekta i verda er dette svært klart. Regionalisering for å bli uavhengig av global kapital er bra, men styrking av regional kapital er noko heilt anna. ALBA er eit klart alternativt prosjekt bygd for og av regionale krefter for ei økonomisk utvikling med sosial karakter. Forhåpentlegvis tyder ikkje fråveret av toppmøter i ALBA i 2011 at prosjektet er nedprioritert til fordel for UNASUR og CELAC. Ved sidan av utviklinga av ein regional organisasjonar som samlar alle frå Mexico til Argentina, frå ytre høgre til ytre venstre, må det vera rom også for å styrke ALBA.


[1] http://ALBA-tcp.org/contenido/historia-del-ALBA-tcp  

[2] http://ALBA-tcp.org/content/principios-fundamentales-del-ALBA

[3] Reinert, E. 2008. How Rich Countries Got Rich and Why Poor Countries Stays Poor. Constable and Robinson.

[4] Smedshaug, C.A. 2008. Kan jordbruket fø verden, Universitetsforlaget.

[5] http://bilaterals.org/spip.php?page=recherche&recherche=alca

[6] http://ALBA-tcp.org/content/estructura-y-funcionamiento-ALBA-tcp

[7] http://ALBA-tcp.org/content/coordinacion-permanente-del-ALBA

[8] http://ALBA-tcp.org/contenido/cont%C3%A1ctenos

[9] Galeano, E. 1992. Latin-Amerikas åpne årer. Pax

[10] Petras, J. & H. Veltmeyer 2005. Social movements and state power, Argentina, Ecuador, Bolivia and Brasil. Pluto Press.

[11] http://ALBA-tcp.org/en/contenido/governing-principles-tcp

[12] www.globalis.no/Statistikk/Eksport#bars

[13] http://ALBA-tcp.org/en/contenido/agreement-ALBA-application

[14] http://ALBA-tcp.org/en/contenido/ALBA-tcp-agreement-0

[15] Intervju med Jorge Acosta Arias, stabssjef for handel og økonomi, Utenriks-, handel og migrasjonsdepartementet i Ecuador. 17.11.11

[16] www.alianzabolivariana.org/comercio/PerfilVenezuela.pdf

[17] www.alianzabolivariana.org/comercio/fichacuba.pdf

[18] www.alianzabolivariana.org/comercio/PerfilBolivia.pdf

[19] Intervju med Oswaldo Leon, direktør for Agencia Latinoamericana de Informacion (ALAI), Ecuador. 15.11.11

[20] www.sucreALBA.org/index.php?q=content/%C2%BFqu%C3%A9-es-el-sucre

[21] Intervju med Pedro Paez, president for Den Nye Finansielle Struktur 16.11.11

[22] Intervju med Freddy Turjillo, SentrALBAnken Ecuador 18.11.11

[23] www.telegrafo.com.ec/index.php?option=com_zoo&task=item&item_id=6351&Itemid=2

[24] Intervju med Juan Carlos Nuñez, Fundacion Jubileo, Bolivia 23.11.11

[25] www.sucreALBA.org/

Alle web-adresser stemte 20.01.12

Heidi Lundeberg
Heidi Lundeberg er dagleg leiar i Latin-Amerikagruppene og medlem i koordineringsutvalet i Handelskampanjen. Denne artikkelen sto på trykk i Latinamerikanske løsninger, Latin-Amerikaboken 2012.