Å vere sør-sørbrigadist: "Eg identifiserer meg med kampen her i Guatemala ".

Sør-sørutvekslinga er ein del av LAG sitt brigadeprosjekt der brigadistar frå Brasil, Colombia og Guatemala utvekslar erfaringar på tvers av landegrensene i Latin-Amerika. Dei siste ti månadane har fire brigadistar budd og jobba i Guatemala. Her kan du bli kjent med Julieth Galindez.

Julieth kjem frå bondenettverket CNA i Colombia. Her fortel ho om sine erfaringar frå opphaldet i dei guatemalanske grasrotorganisasjonane.

Kvifor byrja du å jobbe med CNA? -Eg er medlem i ein lokal organisasjon som er med i CNA-nettverket. Organisasjonen min heiter Paocos productores de abono orgánico compostado, me jobbar med produksjon av organisk gjødsel. Foreldrene mine er også medlemmer i denne lokale organisasjonen. I 2011 vart organisasjonen min ein del av CNA-nettverket.

Er det nokon erfaringar fra sør sør-brigaden du ønskjer å dele? -Før eg reiste til Guatemala hadde eg eit ønske om a lære meir om korleis organisasjonane jobba og å bli kjent med den guatemalanske kulturen. No kjenner eg at utvekslinga har gitt meg mykje meir enn dette, og eg kjenner meg som ein del av kampen her i Guatemala, men også internasjonalt. Når ein lærer om kampane i dei ulike landa identifiserer ein seg med desse kampane, og landegrensene blir ikkje lenger så viktige.

Er det noko som har gjort særleg inntrykk her i Guatemala? -Det som har gjort særleg inntrykk på meg er kampen om jorda, og det arbeidet CUC og Conavigua gjer på dette omradet. I tillegg beundrar eg det arbeidet dei gjer for å fremje kulturen og identiteten sin som urfolk. Livet her i Guatemala og heime i Colombia er ikkje sa ulikt. Det neoliberale systemet er globalt, og me kjempar alle dei same kampane, sjølv om konteksten og landet er ulikt.

Er det noko du ønskjer a seie til LAG og våre aktivistar? -Eg er veldig takknemleg for moglegheita til a dra på denne utvekslinga. Det er verkeleg ein draum som har gått i oppfyllelse. Det er fantastisk at me kan bli kjente med andre land og andre kampar, og at de jobbar saman med oss på denne måten.


Jørdi Losnegård (Tekst) Juan Pablo Giraldo Arango (Foto)