Ung mapuchegut skote i ryggen av politiet

Foto: "Ingen fleire angrep i ryggen". Den brutale politivalden har ført til demonstrasjonar og søttemarkeringar dei siste dagane. (Mapuexpress)

Foto: "Ingen fleire angrep i ryggen". Den brutale politivalden har ført til demonstrasjonar og søttemarkeringar dei siste dagane. (Mapuexpress)

Ein 17 år gammal gut tilhøyrande urfolksgruppa mapuche i Chile blei skote i ryggen av politiet laurdag 17. desember. Hendinga kjem inn i ei lang rekke av politivald og kriminaliseringsprosessar mot mapuchane.

Brandon Hernández Huentecol kjempar no for livet på det tyske sjukehuset i Temuco, etter å ha fått fjerna heile 140 kuler frå kroppen. Hernández blei skote mens han låg på bakken etter å ha blitt stoppa for ein identitetskontroll. Augevitner melder om at politiet opptrådde aggressivt heilt frå starten av. Politiet karakteriserar det heile som eit uhell. 

Støttemarkeringar for Hernández og demonstrasjonar mot politivald har dei siste dagane fyllt gatene og blokkert vegar i Temuco. Den personlege tragedien til Henrández er vevd inn i eit større politisk spørsmål: Erkjenning av mapuchane sine rettar til bevaring av kultur, jord og autonomi. Det chilenske politiet og millitæret har hatt lang tradisjon for å beskytte investorar og utanforståande sine ønsker om å annektere mapuchane si jord, framfor å beskytte rettane mapuchane har til jorda si. Dette har ført til store protestar i mapuchesamfunn som har blitt frårøva jord. 

Protestane har blitt møte med straffeforfølging av mapucheleiarar, razziaar mot mapuchesamfunn og politivald. Det juridiske rammeverket for forfølginga kan sporast tilbake til Augusto Pinochet sitt millitærdiktatur på 70- og 80-talet. Pinochet si antiterrorlov blir den dag i dag flittig brukt for å kriminalisere sosial protest. Lova definerar terrorisme vidt og har blant anna blitt brukt for å stemple mapuchane sitt arbeid som ein nasjonal trussel. Dei siste dagane sine støttemarkeringa handlar dermed om noko meir enn ein enkeltsituasjon - det handlar om eit undertrykt folk sine mogelegheiter til tryggleik, jord og vidareføring av ein kultur under press.   


Brandon Hernández Huentecol kjempar for livet.

Lystenning for Hernández. Foto: Carlos Agurto | RBB

Kai viljar eidsvik
Land