Dei fryktlause minoritetane i Honduras

I Honduras lev aktivistar farleg. Urfolksgruppene lenca og garifuna opplev undertrykking, men kjempar fryktlause for sine rettar.

Artikkelen har tidligere stått på trykk i LatinAmerika #1 2017

Historia om kolonistane sitt inntog i Honduras er ikkje særleg ulik frå resten av dei latinamerikanske landa. Brutal undertrykking og landran ramma folket som budde der, som garifuna- og lencafolket.


«Bananrepublikken»


Utover 1800-talet fekk kolonialismen ei ny form. Kolonistane blei erstatta med ein rik maktelite og diktatorar som herja og regjerte på brutal måte. Honduras selde jorda til kapitalistar frå USA, som etterkvart tente seg rike på bananproduksjon. Bananselskapet United Fruit Company, som i dag heiter Chiquita Bananas, etablerte seg blant anna i Honduras, kor dei gav arbeidarane luselønn og ekstremt dårlege arbeidsforhold.

Honduras blei kalla «bananrepublikk» på grunn av dette, og rovkapitalistane frå USA fekk etterkvart stor kontroll på honduransk økonomi og politikk. Det har fortsatt opp til vår tid. I 2009 blei den folkevalt presidenten Manuel Zelaya kuppa av den ekstreme høgresida, og dette var sterkt støtta av USA.

Honduras har, saman med El Salvador, lenge vore øvst på drapsstatistikken i verda. Valden mot aktivistar har auka dei siste åra, noko som ikkje blir så synleg på grunn av det generelt høge voldstalet i landet. I 2014 hendte 75 prosent av alle kjente drap på aktivister i verda i Mellom-Amerika.

Ein mørk natt til 3. mars 2016 vart Berta Cáceres drepen, den kjente honduranske urfolkskvinna som kjempa mot miljøøydeleggingar og undertrykking av urfolk. I 1993 starta Berta Cáceres urfolksorganisasjonen COPINH (Consejo Cívico de Organizaciones Populares e Indígenas de Honduras), som kjemper spesielt for Lencafolket sine rettar.


Lencafolket og beskyttelsen av Gualcarque


Lencahøvdingen Lempira kjempa mot kolonistane til siste slutt, noko som ironisk nok har gitt namnet til valutaen i landet, lempiras. Lencafolket har sidan Lempiras tid måtte kjempa ein kontinuerleg kamp for naturressursar, territorium og generelle menneskerettar.

Lencane har særlege utfordringar med Agua Zarcaprosjektet, eit multinasjonalt vasskraftverk som forureinar og øydeleggjar elva Gualcarque. Denne elva er heilag for lencafolket, og er kjelda til alt liv. Deira rett til informert og frivillig samtykke er ikkje etterfølgt. Kampen mot vasskraftverket har kosta dei fem menneskeliv, og fleire har blitt arrestert på bakgrunn av politisk ståstad og bevaring av territoriet.

 


Berta Cáceres var høgt elska av mange. Her held Pascualita, en sentral kvinne i COPINH, et bilde av urfolks- og miljøaktivsten som så brutalt ble reve i frå oss i fjor.

Garifunafolket


Garifuna er eit folk som stammer frå Afrika. Dei skulle bli slavar, men skipet dei reise med forliste på øya St. Vincent og dei rømte. På slutten av 1700-talet kom dei til den karibiske kysten av Mellom-Amerika, og dei fleste har vore busette i Honduras sidan den gangen. Nokon er også  i Belize, Nicaragua og Costa Rica. Garifunaene er anerkjent som urfolk av FN på grunn av all tida dei har vore busette i Honduras, og har difor særeigne rettar til territorium i høve ILO- konvensjonen 169.

Til tross for særeigne urfolksrettar, har garifunaene likeins med lencafolket problem med å halde på råderetta over sine eigne områder. Bananplantasjar, afrikanske palmeplantasjar, megaturisme, private eigarar som stel jorda, er alle faktorar som pregar den karibiske kysten og som pressar dei vekk frå sine bustader. OFRANEH (La Organización Fraternal Negra Hondureña) er garifunafolket sin politiske organisasjon, og dei opplev vald og truslar grunna sin aktivisme.


Lokalradio i kampen


Både OFRANEH og COPINH brukar lokalradio som våpen mot undertrykkinga dei møter frå honduranske myndigheiter og kapitaleigarar. Dei har tatt fram mikrofonen, penn og skriveblokk i sin kamp for rettferd. Nasjonale media er eigd av eliten, og informasjonen er sterkt prega av at dei ynskjer å halde på makta. Gjennom lokalradioar spreier urfolksgruppene garifuna og lenca usensurert informasjon om kva som skjer i landet, og er ein sterk stemme i eit samfunn kor minoritetar blir undertrykt.    

Fleire grasrotorganisasjonar har lokalradioar for å spreie informasjon om røyndomen i Honduras, og det finst også frie media som sender radiobølgjer utover de lokale samfunna til større områder. Mange av lokalradioane blir konstant nedkjempa, ved at myndigheitene lagar reformer mot lokalradioar. Nokre har opplevd at straumen blir kutta når det spreiast informasjon i mot til dømes borgarmestaren. Likevel, fortsetter lokalradioane å spreie sin stemme som eit steg i motstandskampen.

I jordokkupasjonen Rio Chiquito kjemper innbyggarane, saman med COPINH, om å få tilbake jorda dei budde på før dei blei fordrive til fordel for statlige interessa.

Radioserien Fryktløs

Artikkelen er basert på «Fryktløs – en radioserie om motstandskamp i Honduras», laga i 2016 av Latin-Amerikagruppenes solidaritetsbrigade v/ Mari Beitnes, Åsne Rosseland, Frøya Torvik og Marianne Hvattum Løken.

Åsne Rosseland (tekst)
Ingrid Fadnes (foto)
Land