Ute av syne, ute av sinn - Statkraft i Brasil

Brasil har den største ferskvassreserven i verda. Ifølgje Rørsla for dei som er ramma av dammar (MAB) er 90 prosent av hushaldningane som er knytta til vassforsyningsnettet under statleg ansvar, og berre 10 prosent i den private sektoren. I dag har Brasil den største installerte kapasiteten for å produsere vasskraft i Latin-Amerika, og nest størst i verda.

For å bli mindre avhengige av vasskrafta har Brasil eit uttalt mål om å få fleire fornybare bein å stå på. Dei siste åra har dei gjort mange grep for å tiltrekke seg investeringar i spesielt vindkraft, og utbygging av både vind- og solenergi har vakse stort dei siste åra. Sjølv om dei fornybare energikjeldene ikkje slepp ut klimagassar, har dei store konsekvensar for livet til folk, miljøet og naturen. Fornybart er ikkje det same som berekraftig.

Stadig meir av energisektoren i Brasil er eigd og styrt av internasjonale og transnasjonale selskap. Det statlege norske selskapet Statkraft er eit av desse. I denne rapporten skal vi undersøke Statkraft sine kraftverk i Brasil, som skaper energi frå fornybare ressursar som vatn, vind og sol, og sjå på korleis desse kraftverka påverkar miljø, natur, urfolk og bønder, som lever og har levd med kraftverka.

Rapporten er delt inn i tre delar. Første del tar for seg Statkraft sitt inntog i Brasil og den brasilianske energisektoren. Den andre delen handlar om vasskraft i Brasil og Statkraft sine vasskraftanlegg i landet. Den siste delen handlar om vindkraft, og Statkraft sine etablerte og planlagte vindkraftanlegg i Brasil. Storparten av informasjonen i denne rapporten er henta frå intervju med folk som er ramma av Statkraft sine anlegg, i tillegg til ekspertar på temaet. Ein spesiell takk vil vi rette til MAB, for kunnskap og hjelp til å få kontakt med menneska vi møtte.

Vilde Gjerde Lied
På oppdrag fra LAG
Land