Foto: Nina Luhr

Foto: Nina Luhr

Følg oss på:
Kvar haust, frå august til november, tek Latin-Amerikagruppene (LAG) imot fire brigadistar frå Colombia og Guatemala. Dei har mykje kunnskap og engasjement, og er utruleg inspirerande å møte.

Under opphaldet i Norge bur og arbeider brigadistane saman med LAG. Brigadistane får politisk skulering og lærer korleis norske sivilsamfunnsorganisasjonar jobbar. Skuleringa fokuserer særleg på norsk jordbruk, arbeidarørsla, kvinnespørsmål, fredsarbeid og den norske venstresida. I tillegg til dette driv brigadistane informasjonsarbeid, både for LAG og for andre organisasjonar. Deltakarane i brigaden har mykje kunnskap om lokale forhold i sine organisajonar og land. I år fokuserer brigaden særleg på fire tema: fredsarbeid i Colombia og Guatemala, grasrotrøsler sine alternativ til jordbruksindustrien, feminisme og urfolkskamp.

Oslo er hovudsete for brigaden, men den reiser også for å besøke LAG sine lokallag, samt til Finnmark. Om du ønskjer å møte brigaden så hald eit auge med kalenderen på heimesidene våre, så kan det hende brigaden besøker akkurat din by.

Dei fire deltakarane kjem frå tre latinamerikanske bondeorganisasjonar, der alle er organiserte i det verdsomspennande bondenettverket Vía Campesina. Årets deltakarar er Marlyn Rojas og Dioneider Carrascal Santiago frå den colombianske organisasjonen Det nasjonale nettverket for Bønder (CNA), Leticia Váquez de León frå Nettverket for bønder (CUC) i Guatemala og María Isabel Soc Carrillo frå Det nasjoanle nettverket for enker i Guatemala (Conavigua).

Deltakarane kjem kvar haust, og det er det fleire måtar ein kan bidra på:

Fadder

Faddergruppa er eit tiltak for å gjere brigadistane betre kjent med grasrota i LAG, bli med på våre aktivitetar og å bli betre kjent med Oslo som by. 

Fadderrollen er ei god moglegheit til å bli ekstra godt kjent med dei besøkande brigadistane, lære meir om grasrotrørsler i Latin-Amerika og øve litt spansk. Kontakt oss på intercambiolag@gmail.com dersom du ønskjer å vere med i faddergruppa. 

Gardsopphald

Vil du lære meir om økologisk jordbruk i Norge og norsk landbruk i praksis? I samarbeid med Norges Bonde og Småbrukarlag skal brigadistane bu og jobbe på to småbruk i tida mellom 28.08 til 10.09. Me søker LAG-aktivistar som ønskjer å reise saman med brigadistane. I år skal brigadistane reise til Fonebekk Gård (Jessheim) og Heggli Gård (Nannestad). LAG dekkar reise og mat, så du kan vere med uansett kvar du bur i landet. Meld di interesse til intercambiolag@gmail.com. 

Bustad

Alle brigadistane bur saman med aktivistar frå LAG, og kvar haust er det difor moglegheit til å leige ut eit rom til ein eller fleire av brigadistane.

Tolk

Brigadistane snakkar spansk og er difor avhengige av tolk på alle møter og aktivitetar medan dei er i Norge. Kvar haust ser me difor etter nye tolkar som kan hjelpe med dette. Oppdraga er betalte. 

Dersom du ønskjer å møte brigaden, vil vite meir om haustens program, eller vil bidra, ta gjerne kontakt med våre prosjektmedarbeidarar på intercambiolag@gmail.com. 

Me ser fram til å møte deg. 

Sør-nordbrigadistar på jordaksjon. Foto: Kine Fristad.