Kampen om språket

Kvar 14. dag dør et språk, seiest det. Eit land som har bidrege til denne statistikken er Bolivia. Difor har dei sosiale rørslene av urfolksgrupper i landet mobilisert for å krevje respekt for sine språk og sin kultur. Nyleg vart 36 urfolksspråk heva til offisiell status i republikken.

Eldre tider si språkutvikling

 

Språkbiletet i området som i dag er Bolivia har alltid vore mangfaldig. Før europearane entra scena var låglandet i aust prega av eit mangfald av folkeslag, medan høglandet i vest var dominert av aymara-kulturen. Rundt 1438 e.kr. la ein annan amerikansk høgkultur, i dag kjent som Inkariket, store delar av aymarakongedømma under seg. Inkarikets statsspråk, quechua, vart innførd som administrasjons- og handelsspråk, i tillegg til at dette var språket til eit stort antall immigrantar frå andre delar av riket. Inkarikets suksess med aggresiv ekspansjon var langt på veg ein suksess på grunn av splitt- og hersk-metodar. Dei underlagte folkeslaga vart oppmuntra til å halde på sin kultur, si trusverd og sitt språk. På den måten vart det vanskelegare for dei ulike folkeslaga å kommunisere seg i mellom, og finne ei felles sak mot inkaane. Det inkaane kravde var at deira trusverd vart innkorporert i lokal tru, og at lokalsamfunna kollektivt skulle betale skatt og sende ein del av folket på pliktarbeid for staten.

 

Spanjolane gjorde praktisk talt et statskupp i inkariket. Storparten av maktapparatet vart teke over og byggja vidare på. Systemet med kollektivt pliktarbeid forsynte spanjolane med gratis arbeidskraft til gruvene deira. For å bevare denne institusjonen vart lokale skikkar og språk delvis respektert i høglandet. Vidare vart dei store språka aymara og quechua i høglandet, og guaraní, på grunn av si store utbreiing i låglandet, brukt til å forkynne guds ord, og på den måten vart desse språka lenge haldt levande.

 

På slutten av 1700-talet vart det viktigare for sentralmakta å styrkje grepet om territoriet, og ein spanskifiserings- og homogeniseringsprosess vart starta. Skulen skulle kristne og vestliggjere folket. Urfolksspråka vert sett ned på. Dei tre språka som hadde vorte nedtegna og normert som skriftspråk, og spreidd gjennom evangelisering, vart framleis vidt brukt. Dei fleste andre språka i Bolivia var små, og fekk hard konkurranse av det spanske språket. For å få etniske betegnelsar til å forsvinne innførte ein omgrepet campesino. Det kan på norsk oversetjas til småbonde, men det er meir enn ein yrkestittel – det brukast for å beskrive eit levesett nært jorda på naturen sine premissar. I det moderne Bolivia er det mange urfolk som heller ynskjer å bruke campesino-betegnelsen enn navna på sine etniske grupper. Felles identitetsomgrep som campesino brukast aktivt i organiseringsarbeid som omhandlar kultur- og språkrettar i dag.

 

Nyare tids språkutvikling

 

Fornektelsen av at det finst fleire kulturar i Bolivia varte inn i moderne tid. Ei lita gruppe kvite menneskje med vestleg kultur sat med kontrollen over storparten av økonomien og politikken. Kulturlivet vart utvikla på deira premissar. Dei som brukte urfolksspråk som førstespråk vart ekskludert frå det offentlege rom, dei offentlege debattane, og frå høgare utdanning. Dei måtte bruke dei kvite sitt språk, talemåte, oppførsel, og klesstil for å kunne delta i samfunnslivet.

 

På 1930- og 40-talet vart Bolivia styrt av nasjonalistiske og populistiske militærdiktatur som mana til lojalitet gjennom lovnadar om betre inkludering av campesino-ar i økonomien og i det offentlege. Lite skjedde før ei sivil regjering overtok på slutten av 1940-talet. Dei fremma jorddeling for å betre campesino-ane sin økonomiske situasjon. I 1950- og 60-talet vart Bolivia sterkt påverka av eit globalt prisfall på tinn, og inflasjonen skaut i veret. 1970- og 80-tallet vert prega av vid politisk inngripen frå militæret, og ei rekkje militærdiktatur som i hovudsak befann seg politisk langt ut på høgre fløy overtok. Desse regjeringane fekk store lån frå det internasjonale samfunnet, mot å gjere utanlandsk utnytting av Bolivias naturressursar og arbeidskraft skattefri. Det regjeringane lyktes med var å stoppe inflasjonen, men i denne perioden vart og mange politiske og sivile rettar oppheva. Det var då dei sosiale rørslene byrja å organisere og politisere seg for å ta tilbake rettar dei hadde mista, og for å snu trenden med synkande offentlege inntekter, stor utanlandsgjeld, og ekstremt hurtig auke i sosiale skilnader der campesino-ane kom ut som dei store taparne.

 

I 1990 arrangerte sosiale rørsler med grunnlag i urfolksgruppene Sirionó, Moxeño, Movimas og Yuracaré “Marsjen for Jord og Verd”. Kravet om utarbeiding av ei ny grunnlov vart fremja, der urfolksgruppene sin kultur og språk måtte verte anerkjent. Denne markeringa førte, saman med eit konstant press frå dei sosiale organisasjonane, til at det i 1993 vart vedtekne to lover. Den eine var lova om folkeleg deltaking som desentraliserte beslutningsmyndigheit ned på lokalnivå i saker som gjeld nærmiljø, lokal kultur og nokre delar av utdanningssystemet. Den andre var lova om tospråksemd som innebar at ein i tillegg til å måtte lære spansk no kunne få undervisning i eit av dei tre store urfolksspråka: quechua, aymara eller guaraní.

 

I 2001 vart det arrangert ei folketeljing der folketalet vart målt til ca 8 millionar innbyggjarar. Om lag 50% av desse erklærte at dei snakka eit urfolksspråk, og heile 62% sa at dei identifiserte seg som urfolk. Dette gjer Bolivia til det landet i Latin-Amerika med størst del urfolk. Det å bruke urfolksspråk har i hovudsak vore eit landleg fenomen i andre land på kontinentet, men i Bolivia er det betydelege delar av folk som bur i by som til dagleg brukar urfolksspråka. I storbyen La Paz seier til dømes 38% at dei snakkar aymara. På nasjonalt nivå er det om lag 4 millionar som brukar quechua dagleg, noko som gjer dette til den største språkgruppa. Spansk, aymara, og guaraní er dei neste språka nedover på lista. Spansk er imidlertid det språket flest kan, sjølv om det for mange er som andrespråk.

 

Av dei mindre språka er chiquitano det største med mellom 40 – 70.000 talande. Språket tacana, som  ein kan finne i jungelen heilt nord i landet, er langt meir representativt for storleiken på dei små språka med sine om lag 3.000 talande. Dei fleste av språka i Bolivia er utrydningstrua. Kun menneskje over 40 år kunne språka bauré, canichana og moré då folketeljinga vart gjort. Det var berre seks personar som snakka språket guarasu'we og to som snakka språket itonama.

 

Snuoperasjonen

 

I 2003 vart det utvikla forslag til eit skriftleg språk for 11 av låglandsspråka, som gjorde at mange i Bolivia fekk nytt medvit rundt at sine språk var verkelege språk, på lik linje med spansk. Det politiske medvitet byrja å vekse. Mange av dei sosiale rørslene hadde byrja å organisere seg til å bli eit politisk parti, og ein kokabonde ved navn Evo Morales vart deira frontfigur. I valet i 2005 gjorde Evo eit brakval, og partiet hans fekk fleirtal i parlamentet sitt underhus.

 

I desember 2006 kom ei ny lov som heva urfolksspråka i Bolivia til offisiell status. Same månad det året gjekk skulebøker i trykken både på spansk og på 8 urfolksspråk, blant anna quechua, aymara og moxeño. Ein offentleggjorde samtidig ein plan for å få trykt skulebøker på 16 språk i løpet av 2007. I april 2008 var det skulebøker på 22 av urfolksspråka. Målet med dette var å stoppe ein tendens til å forspanske ordforrådet til born som elles brukte urfolksspråk heime og i sitt nærmiljø. Elevane skulle i mindre grad måtte ty til spanske ord for å kunne forklare innhaldet i pensum, og faglege omgrep.

 

Kravet om å få nedsett ei grunnlovsforsamling vart fulgt opp, og arbeidet vart sett i gong frå august 2006. Her vart debattane simultanoversett til og frå quechua, aymara og guaraní, slik at representantane frå desse språkgruppene kunne uttrykke seg på eit språk dei meistra.

 

I mars 2007 vart det vedteke at alfabetiseringsprogrammet, basert på det cubanske undervisningsopplegget “ja, eg kan”, også skulle gjennomførast på aymara og quechua. Meir enn 60.000 av totalt rundt en million deltakarar, gjennomførte alfabetiseringsprogrammet på desse språka.

 

I januar 2007 rekna ein med at om lag 100.000 fleire born enn det skulane hadde kapasitet til møtte opp til skulestart. Det var mangel på skulebygg, læremateriell og lærarar. Nyleg delnasjonaliserte oljeressursar, og ein nyinnført skatt på utnytting av naturressursar, hadde auka staten sina inntekter med nesten 32 millionar amerikanske dollar, så ein sette i gong opprusting av skulane, og produksjon av nytt læremateriell. Ein starta og eit fond som gjev 200 bolivianos, som tilsvarar om lag 200 kroner, til kvart born i klassetrinna 1. til 8. i heile landet, så alle kunne skaffe læremateriell uavhengig av foreldra sin inntektssituasjon. Dette fondet hadde si første utbetaling 26. oktober i 2007, og har hatt denne datoen som utbetalingsdato kvart år sidan.

 

Vegen vidare

 

Vinn Evo Morales det komande presidentvalet denne hausten må alle, frå førskulen til dei får studiekompetanse, lære både spansk og eit av urfolksspråka på skulen. Oppgåvene på høgare utdanningsnivå skal og kunne leverast på alle statens offisielle språk. Alle offentlege instansar skal og vere tilgjengelig på minst to språk – spansk og eit av urfolksspråka.

 

Å dekolonialisere godt innarbeidde tankesett rundt urfolk sin kultur, og å heve seg over at mange av urfolksspråka i dag ikkje er i bruk i dagliglivet, og ikkje er relevante politisk eller i økonomien, er ei tøff oppgåve. Når ein i enkelte lokalsamfunn knapt har nokre å bruke språket saman med vil det vere viktig at dei som har kjempa for språka i politiske fora og er til stades i klasseromma, snakkar med elevane, og fører sitt politiske prosjekt vidare. Revitaliseringa av språka er eit arbeid som nett har byrja. Om arbeidet lykkast er noko som for kvart enkelt språk gjenstår å sjå.

Håvard Grastveit, artikkelen er trykket i tidsskriftet Mål og Makt
Land
Tags