Rettferdige handelsavtalar?

Kva er problematisk med dei nyliberale handelsavtalane? Og korleis er den alternative handelsavtalen ALBA ut? LatinAmerika har møtt Heidi Lundeberg for å snakke om rettferdig, og urettferdig, internasjonal handel.
Artikkelen har tidligere stått på trykk i LatinAmerika #2 2017​

DIV example
3/4 14











Kva tenker du er dei største problema med handelspolitikken i verda?

- Eit problem er at vi har handelsavtalar som går relativt langt inn i det som tradisjonelt er nasjonal politikk. Dette fører til ei utholing av  det nasjonale demokratiet, og at  makta blir flytt over i internasjonale forhandlingar og avtalar. Dette gjer ofte at nasjonale miljøkrav og arbeidarrettar blir tilsidesett eller umogeleggjort av handelsavtalane.

Lundeberg nemner brasiliansk oljesektor som eit eksempel på dette. Statoil er blant dei største aktørane på brasiliansk sokkel. Statoil har ønska å unngå kravet om lokal arbeidskraft som brasilianske myndigheiter stiller. Slike nasjonale krav blir ofte ulovleggjort gjennom handels- og investeringsavtalar, og sidan dette er inkludert i regjeringa sitt forslag til modell for investeringsavtaler, er det også truleg eit av dei krava Noreg vil stille i forhandlingane mellom EFTA og Mercosur der Brasil er med.. Den nye regjeringa i Brasil, Temers kuppregjering, er mindre opptatt av lokal arbeidskraft enn tidlegare regjeringar, noko som gjer det meir sannsynleg at dei vil godta krava frå Norge. Norge stiller også krav om dette i dei pågåande TISA-forhandlingane.

- Eit anna eksempel er mat- og helsereguleringar: Tradisjonelt har europeisk politikk gjerne vore basert på «føre var» prinsippet. Eit produkt skal ikkje bli tilbode på marknaden før den er dokumentert trygg. USA har ei langt meir liberal lovgiving, og ønsker å ha gjennomslag for dette i den internasjonale handelspolitikken.

Eit anna problem er politikken i WTO på handelsrelaterte områder, for eksempel på investeringspolitikk og e-handel. Dette er politiske område utviklingsland gong på gong har takka nei til i dei multilaterale fora. Men no ser me atter ei gong av rike land med USA og EU i spissen pressar på for å få på plass regelverk på desse områda i WTO.  

Korleis slår nyliberal handelspolitikk ut for mindre privilegerte grupper i samfunnet? Til dømes fattige småbønder eller urfolk?

- Handelspolitikken påverkar ofte kjernen av interessekonfliktane internt i land. Store landbruksprodusentar som produserer mat for eksport står i konflikt med småbønder og jordlause. Organisasjonar som dei jordlause si rørsle MST vil ikkje ha vidare eksportretta storbruk fordi det fordriv småbønder, jordlause og urfolk. Brasil er storeksportør av landbruksprodukt i dag. Jo meir jord dei store gardane har behov for, jo mindre er det igjen til dei med lite eller ingen jord.

Det er også ein fare for at importert mat utkonkurrerar lokal matproduksjon. I Colombia har vi sett ein tydeleg folkeleg motstand mot avtalar med USA og Europa, av frykt for at subsidiera mat frå dei rike regionane skal utkonkurrere deira eige landbruk. Dette har ein tidlegare sett eksempel på i Mexico gjennom den nordamerikanske handelsavtalen NAFTA.  

 

Kva gjer handelsavtalen ALBA annleis?

- Mens premisset i dei nyliberale handelsavtalane er konkurranse, er premisset i ALBA komplementaritet, altså å skape ein utfyllande handel. Ein handlar varer den andre parten ikkje har.  Vidare anerkjenner ALBA at det er stor forskjell mellom landa og inkluderer derfor i motsetnad til dei nyliberale avtalene asymmetriske avtalar, altså avtalar som er ulike for dei to ulike partane. Slik er ALBA nesten eit bistandsprogram for fattige Bolivia, mens det mellom Venezuela og Ecuador er snakk om handels- og produksjonssamarbeid på likare grunnlag.

Ein fordel med ALBA er at ein søker etter handelsbalanse, altså ein balanse mellom kor mykje eit land importerar og eksporterar. Nyliberale handelsavtalar har ikkje mekanismar som ivaretek handelsbalansen.  I ALBA sjekkar ein med jamne mellomrom opp status og forsøker å justere balansen. Eit eksempel er frå 2012, då Ecuador blei oppmerksom på at dei eksporterte mykje til og importerte lite frå Cuba. Då såg dei på kva dei i større grad kunne importere derifrå, og byrja å i større grad importere medisinar frå Cuba.

Handelsbalanse bidreg også til å unngå at dei fattigaste landa havnar i råvarefella, fordi dei kan bygge opp fleire sektorar etter behov. Råvarefella er ein utbredt konsekvens av nyliberale handelsavtalar, der utviklingsland blir bunde til produksjon av råvarer til stadig lågare prisar. I tillegg blir det tilrettelagt for å skape lokalt. ALBA forenklar også handelen mellom småbedrifter mellom  landa.

 

Er det noko som er negativt med ALBA?

- Avtalen har fått kritikk for å i gitte tilfelle eksportere varer som det var behov for intert i eksportlandet. Dette er ikkje tilfelle eg har vidare kjennskap til, så eg veit ikkje om kritikken stemmer.

 

Er ALBA nyttig for dei fattigaste og mest marginaliserte internt i landa?

- Personleg kjenner eg jente frå veldig fattige kår på landsbygda i Bolivia som fekk utdanne seg til å bli lærar på Cuba gjennom ein utvekslingsavtale Bolivia har med Cuba som del av ALBA. Vidare har Cuba gjennom ALBA eksportert alfabetiseringsprogrammet Yo si puedo, eit program som lærer eldre folk på landsbygda å lese. Programmet har bidrege i stor grad til å redusere analfabetismen i Bolivia. I tilegg har ALBA tidlegare stoppa tap av arbeidsplassar når anna handel med andre partar har stoppa opp. Då USA stoppa å importere klede frå Bolivia ordna ein for eksempel avtalar om eksport av klede til andre ALBA-land for å redde klesindustrien. Dette kom dei fattigaste til gode fordi det var deira arbeidsplassar som var omfatta av handelen.

 

Kva utfordringer står ALBA ovanfor framover?

Den nye geopolitiske situasjonen i Latin-Amerika påverkar openbart ALBA samarbeidet. Med høgresida på offensiven vert det vansklegare for ALBA å ekspandere. I det siste har det vore færre toppmøter og mindre aktivitet i ALBA, det har for eksempel ikkje kome til nye land. I tillegg er fleire av dei store økonomiane i ALBA petroliumsavhengige økonomiar, og i tider med låge oljeprisar påvirkast ALBA-samarbeidet. Men det var eit toppmøte i ALBA i mars i år og ALBA er stadig eit svært viktig mellomstatleg samarbeid i andre internasjonale handelsfora. Til dømes ser me at Venezuela, Bolivia og Ecuador stadig står saman i WTO.

 

Korleis kan ALBA bli betre?

ALBA har vore ein viktig del av ei progressiv bølgje i Latin-Amerika, men det finns sikkert også rom for forbetring. Kanskje burde miljøpremissa vere tydelegare. Kanskje kunne ein også ha sett på mogelegheitene for direktehandel mellom ulike arbeidarstyrte bedrifter og kooperativ?


Handelsavtalar

ALBA: Den bolivarianske handelsavtalen ALBA er eit handels- og produksjonssamarbeid med fokus på solidaritet og komplementaritet. I tillegg til Venezuela, Cuba, Ecuador, Nicaragua og Bolivia inkluderer avtalen fem mindre karibiske land.  

NAFTA: Den nordamerikanske frihandelsavtalen NAFTA er ein nyliberal handelsavtale mellom Mexico, USA og Canada.  

TISA: Trade in Services Agreement er ein foreslått nyliberal handelsavtale som omfattar handel med tenester. Handelen blir for augeblikket forhandla om mellom 23 partar, inkludert Norge, EU, USA og seks latinamerikanske land. 

Kai Viljar Eidsvik
Informasjonsmedarbeidar i Latin-Amerikagruppene i Norge